Fremmar Pippi Langstrømpe nordisk språkforståing anno 2019?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Måndag førre veke tok Inger Nilsson imot Nordens språkpris av Foreningen Norden.

Prisen som har vorte delt ut årleg sidan 2010 går til ein person, institusjon, myndigheit, organisasjon, bedrift eller eldsjel som på ein innovativ og god måte bidreg til å styrke den nordiske språkforståinga.

Legg merke til at verbet er i notid.

Overraska prisvinnar

Juryen meiner Nilsson har skapt ein udødeleg karakter, som har hatt umåteleg stor tyding for nabospråkforståinga blant generasjonar av barn i heile Norden.

Dette kan ein vere einig med, men Nilsson spelte Astrid Lindgren sin legendariske Pippi-karakter i 1969. Her vil eg påstå at Foreningen Norden ikkje er så veldig tidleg ute.

Det er ein fin gest å gje Pippi Nordens språkpris i høve 50-årsjubileet for tv-serien, men er verkeleg Pippi Langstrømpe det som fremmar nabospråkforståinga anno 2019?

Prisvinnaren sjølv verkar òg litt overraska. I eit intervju med Magasinet Norden seier Inger Nilsson: – Jeg tenkte, ja, men skal virkelig jeg …? (på svensk, antakeleg).

Med tildelinga freistar Foreningen Norden å setja fokus på dubbing av skandinaviske barneprogram, noko dei er imot. Her vil eg påstå at det er eit større problem med dårleg engelsk dubbing av skandinaviske Netflix-seriar som Quicksand og Hjem til jul, enn Pippi Langstrømpe.

Eller Snøfall, som vart dubba då det gjekk på dansk tv i 2017.

Slik er me vande med å sjå karakterane Frida (Charlotte Myrset), Pil (Kevin Haugan) og Selma (Siri Skjeggedal) i Snøfall. Foto: NRK

100 år framover?

Juryen meiner at framtidas generasjonar skal «få lov til å sjå tilbake på Pippi Langstrømpe som ei kjelde til forståing og relasjon til nabolanda», men kor realistisk er det? Og kvifor må dei sjå så langt bakover?

Årets tildeling skil seg ut med å vere særleg i utakt med samtida. Tidlegare vinnarar har vore dansk-entusiast Jakob Oftebro, svorsk-kongen Fredrik Skavlan, internasjonale IKEA, danske skodespelarar som gjer internasjonal suksess på originalspråket og sjølvsagt fenomenet SKAM, som endra svensk språk og fekk unge danskar til å like norsk.

Alle desse fekk prisen på tidspunkt der dei evna å setja dagsorden med sitt virke og løfta nordisk språk både over landegrenser, men òg internasjonalt.

Foreningen Norden markerer i år sitt 100-årsjubileum, kanskje burde dei tenkt litt meir på framtida akkurat i år.

Med ei slik utdatert tildeling verkar det som om nordisk samarbeid er noko som høyrer fortida til.

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic

Greta, podcastar og realityshow

Foto: Anders Hellberg/Wikimedia

For medan fortidas Pippi neppe trekker hordar av små nordiske barn til skjermen, reiser notidas Pippi verda rundt med ein svensk plakat der det står «Skolstrejk för klimatet». Retteleg snakkar Greta Thunberg engelsk når ho talar til verdas toppleiarar, men ho gjer også svensk språk synleg for heile verda.

Om ein vil fremme munnleg forståing mellom dei nordiske landa har me fleire døme på podkastar, som har kryssa landegrenser. På femteplass på Radio Norge si oversikt over mest populære podkastar i Noreg finn me til dømes svenske P3 dokumentär. På 16. plass finn me Spöktimmen.

Eller kva med HBO-serien Beforeigners, som attpåtil knyter band mellom det norske og islandske språket med å bruka populærkulturen til å løfta fram våre felles røter?

Eller den danske Jul i Blodfjell-karakteren Nanna, ein Saga Norén-parodi ført til skjermen av norske Ine F. Jansen?

Kva med den svenske reality-serien Wahlgrens Värld, som vert sendt både i Noreg, Sverige og Danmark? Eldstedottera Bianca Ingrosso som vloggar på svensk trass i eit stadig meir internasjonalt publikum?

Artisten Pernilla Wahlgren og eldstedottera Bianca Ingrosso er kjente både i Noreg, Sverige og Danmark. Foto: Dplay

Solsidan tilbake på hesten

Kva med komikar Mia Skäringer Lázár som set opp show i Oslo Spektrum og har gjort suksess med serien Solsidan i ei årrekkje? Eller kva med nettopp Solsidan, som i år er aktuell med comeback? Dei er i det minste tilbake på hesten, noko som er meir enn ein kan seie om Pippi.

Det er så uendeleg mykje anna som seier nordisk språkforståing anno 2019. Dersom me skal stola på Pippi anno 1969, ser ikkje framtida for nabospråkforståinga særleg lys ut.

Lyst å læra meir? Kva med eit dansk-kurs med Jakob Oftebro?