Lær dansk med Jakob Oftebro

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.03.2019 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg plar å seia at eg er veldig god i dansk, men elendig på norske dialektar, ler Jakob Oftebro.

33-åringen gjev likevel den norske distriktspolikken og dialektmangfaldet mykje av æra for at han kan veksla mellom klingande Kjelsås-mål og dansk.

Les også: «Skammarens dotter 2» får teksting og materiell på nynorsk

Danske Nicodemus

Dei gode danskkunnskapane har ført til at skodespelaren får store roller på begge sider av Skagerak. Framtida.no møter han i samband med premieren på den danske storfilmen «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve» der Oftebro igjen gestaltar den mannlege hovudrolla som Nicodemus Ravens.

Oftebro lærte seg dansk då han som 21-åring flytta til København for å studera på teaterhøgskulen der. Med Framtida.no deler han sitt absolutt viktigaste råd for å læra eit nytt språk.

– Ein mistar jo veldig identitet når ein byrjar å snakke eit nytt språk, men å verkeleg berre bli i det og heile tida fortsetja å snakka det, då vert ein til slutt god.

– Men det er jo ein tung prosess, og det er vanskeleg, medgjev Oftebro.

Vokalar og korktriks

No er han såpass vidarekommen på dei blaute konsonantane at me utfordra han til å ha eit lite språkkurs.

Ei av dei største utfordringane med dansk er å ikkje hoppa over detaljane og få med seg heile spekteret i språket.

– Eg fann dansken min då eg klarte å finna strupehovudet mitt. Eg føler at danskane snakkar bak, men dei har ofte meir bass i stemmen sin, forklarar Oftebro.

Les også: Dansk publikum klagar på at danske skodespelarar snøvlar på film

Enklare å spela dansk

Oftebro synest faktisk det kan vere lettare å spela på dansk enn norsk, nettopp fordi han ikkje har vakse opp med språket.

– Det er noko eg har lært meg og er veldig stolt over og har mykje kjærleik til, men sidan eg ikkje har vakse opp med det føler eg ikkje det er masse ting i det danske språket eg ikkje kan seia.

Sjå trailer til kinoaktuelle «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve»: