Politikk og samfunn

«Inga kvinne skal bli eit verktøy for andre sitt håp»

«Surrogati er ikkje ein veg mot likestilling. Det er eit blindspor,» skriv Weronika Margol.

Weronika Margol (19)
Leiar Asker AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Å ynskje seg barn, men ikkje kunne få det, er vondt å oppleve.

Det er ei erfaring mange i Noreg deler, og ei erfaring me må møte med støtte og reelle løysingar. Men i staden for å styrkje helsetilbodet, ynskjer enkelte å opne for surrogati i Noreg.

Det meiner me i AUF er ei farleg avsporing frå det som verkeleg trengst: ei satsing på kvinnehelse og eit helsevesen som faktisk fungerer for alle.

I innlegget «Å nekta ufrivillige barnlause å få hjelp gjennom surrogati er diskriminering», argumenterer FpU for at surrogati bør bli lovleg i Noreg, og at det å seie nei til det er å undergrave rettane til barnlause. Det er eit innlegg fullt av medkjensle for dei som ønskjer seg barn, men nesten heilt utan blikk for kvinna som faktisk skal bere fram barnet.

For det fyrste er ikkje graviditet ein ufarleg prosess. Å gå gravid og føde barn er blant det farlegaste ein kan gjere. Risikoen er reell, sjølv i Noreg. Svangerskapsdiabetes, fødselskomplikasjonar, langvarige smerter og varige endringar i kroppen er berre nokre av konsekvensane ein kan møte, sjølv i såkalla «ukompliserte» svangerskap.

Kven tek ansvar for det, dersom noko går gale i ein surrogatiprosess? Korleis skal ein gjere opp for uventa helsetap? Og kva skjer viss surrogatmora angrar, eller ynskjer å bryte avtalen?

Me kan ikkje late som om surrogati berre handlar om fridom og val. Det handlar også om makt, om forventningar og om å gjere kvinnekroppen til eit middel for å løyse eit anna problem – nemleg manglande støtte og behandling for barnlause i Noreg.

Kvinnekroppen er ikkje ein ressurs som kan stillast til disposisjon når helsevesenet sviktar.

I staden for å opne for surrogati, bør me bruke politisk kraft på å byggje opp eit offentleg fertilitetstilbod som er tilgjengeleg for alle. Me må auke forskinga på kvinnehelse, og sikre raskare og betre diagnostisering av sjukdommar som endometriose og PCOS.

Når FpU kallar det diskriminering å ikkje tillate surrogati, meiner vi i AUF at det verkelege sviket ligg i at kvinner framleis må slåst for å bli høyrde i helsevesenet.

Det er ikkje radikalt å stille spørsmål ved eit system som baserer seg på at andre kvinner skal ta helsebyrda. Det er ansvarleg.

Me meiner at ønsket om barn er ekte og viktig. Men det kan aldri gå framfor retten til eiga helse og eigen kropp. Det finst ingen måte å garantere ein risikofri graviditet og fødsel, og difor kan me heller aldri gjere det til ei teneste ein annan skal levere.

Me i AUF kjempar for eit samfunn der alle får hjelp, men der ingen må ofre si eiga helse for at andre skal få det dei lengtar etter. Surrogati er ikkje ein veg mot likestilling. Det er eit blindspor.