Danskar har blitt betre i norsk av å sjå på SKAM, viser ei undersøking Karoline Lassen har gjort.
mm

SKAM har vorte populær i mange land i verda, og Danmark er ikkje noko unntak.

Danske Karoline Lassen, som er lærar i dansk og engelsk ved Silkeborg Gymnasium, har nyleg laga ei undersøking som har teke for seg korleis SKAM har påverka unge danskar – spesielt med tanke på korleis dei har endra tilhøvet til Noreg og det norske språket.

Ho fann at danskar som har sett serien har fått noko betre norsk språkforståing enn andre, særleg om dei såg serien med norsk tekst.

– Eg har, så lenge eg kan hugse, vore enormt fascinert av det faktum at vi i Skandinavia kan tale med kvarandre på morsmåla våre, trass i at vi talar ulike språk, seier Lassen til Framtida.no. Ho held fram:

– I studiane mine i nordisk språk og litteratur i Aarhus dykka eg difor ned i denne fascinasjonen og vart merksam på at danskane si forståing av norsk og svensk har falle siden 1970-åra. Denne informasjonen gjorde meg nysgjerrig etter å undersøka kvifor det var tilfellet, og kva ein eventuelt kunne gjere for å endre på situasjonen. Og så, få månader før eg skulle i gang med spesialavhandlinga mi (tilsvarer masteroppgåve, red.mrk.) som nett skulle handle om nabospråksforståing, braut SKAM-feberen ut i Danmark. Det var som sendt frå himmelen, og eg vedtok for meg sjølv å undersøke i kva grad ein tv-serie som SKAM kunne spela ei positiv rolle for språkforståinga til unge danskar for norsk, og kan hende òg rykkje ved haldningane deira til Noreg generelt.

Karoline Lassen har laga ein studie som tek for seg korleis SKAM har påverka synet på norsk og Norge i Danmark. Foto: Privat.

Lassen vedgår at skandinavar uansett lett kan kommunisere via engelsk, og at spesielt unge svenskar skjøner engelsk langt betre enn dansk, men meiner at det er mange fordelar med nabospråkkommunikasjon.

– Ved å lære nabospråka våre opnar vi til dømes opp verda ikring oss, og vi får høve til å lære meir om dei kulturane som ligg nærmast oss. Ved å engasjere oss i nabospråk kan vi òg lynfort lære å skjøne to nye språk utan det store arbeidet og dei mange anstrengingane som det normalt krev å lære eit framand språk. Og i nabospråkkommunikasjon har vi òg dessutan høve for å vere på den språklege heimebanen vår, der dei fleste av oss trass alt har høve for å formulere og uttrykkja oss meir korrekt, kreativt, presist og kanskje til òg med meir personleg. Unge danskar har langt meir til felles med unge menneske i Oslo enn i Los Angeles.

– Unge danskar har langt meir til felles med unge menneske i Oslo enn i Los Angeles.

SKAM populær i Danmark

– SKAM er ein dritgod serie. Han tok i bruk ein enormt kreativ og nyskapande distribusjonsform og beskreiv erfaringane til unge menneske på ein interessant og autentisk måte gjennom handsaminga av både høgaktuelle tema som rasisme og homofobi, men òg meir tidslause tema som identitetskonflikt, kjærleikssorg og einsemd.  Eg gissar òg at serien delvis har oppnådd kultstatus i Danmark grunna språket. Norsk ungdomsspråk er nemleg – for danske augo og øyre – temmeleg fascinerande. Naturlegvis er det mykje engelsk slang som òg går att i dansk ungdomsspråk, men uttrykk som «dritkul» og «køddar du» har nærast ein slags overraskingseffekt på danske språkbrukarar, fordi uttrykka, både skriftleg og i lydform, er så langt frå tilsvarande danske uttrykk.

SKAM tok for seg store og viktige tema som rasisme på ein god måte. Bilete: Sana, den muslimske jenta som var i fokus i sesong 4. Foto: NRK

SKAM betra språkforståinga

SKAM har betra den norske språkforståinga til unge danskar og gjort danskar langt meir positivt innstilt til norsk, meiner ho.

– SKAM har gjort ein spesielt stor skilnad språkleg for dei tenåringane som har sett serien på heimesida til NRK med norske undertekstar i staden for å sjå han på heimesida til DR (Danmarks Radio) med danske undertekstar. Noko tyder altså på at det kunne vere ein fordel å la straumetenestene i dei nordiske landa vise skandinavisk innhald med teksting på det originale språket som eit valhøve.

Norsk språk i Danmark

I Danmark skal, ifølgje det faglege målet og læreplana, både norsk og svensk vere ein del av danskfaget i folkeskulen og på gymnaset. Mange lærarar meiner likevel at det er utfordrande å undervise i norsk og svensk ettersom dei har lite tid til dette, og at det er vanskeleg å planleggja relevant undervisning. I undersøkinga til Lassen seier over halvparten av deltakarane at dei ikkje har hatt opplæring i nabospråka i det heile.

– Det er kan hende endringar på veg. Nettundervisningsplatforma Norden i skolen jobbar med å lage spanande og relevant undervisingsmateriell, med mellom anna SKAM i sentrum, avsluttar Lassen.

Oppdatert: måndag 15. januar 2018 10.18

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE