Nordisk språkpris til Jakob Oftebro

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han får Nordens språkpris

Oftebro får prisen for det brennande engasjementet han har vist for nordisk språkforståing. Juryen trekkjer mellom anna fram at prisvinnaren bruker heile spekteret av det skandinaviske språket, og leikar seg med ulike dialektar.

LES OGSÅ: Framandkrigar er årets ord

– Det er ei stor ære og utruleg rørande å få Nordens språkpris. Eg jobbar kvar dag for at me skal sjå og engasjera oss i historiene og problema til naboane våre. Me er så like, men samstundes så forskjellige her oppe i Norden – og har utruleg mykje å læra av kvarandre, seier Oftebro.

I den andre sesongen av Broen spelte den København-busette skodespelaren dansk. Han har også hatt roller i fleire større produksjonar i Norden som Kon-Tiki, Victoria, Lilyhammer og 1864.

LES OGSÅ: Universelt utilgjengeleg – ein kommentar om svada

Det er Foreningen Norden som deler ut prisen. Organisasjonen har til føremål å styrkja og utvikla eit folkeleg nordisk samarbeid og skapa møteplassar og formidla kunnskap om nordisk kultur, språk, historie og samfunnsforhold. Språkprisen er delt ut sidan 2010, og har tidlegare gått til Vigdis Finnbogadóttir (2013), Ghita Nørby (2012), Timbuktu (2011) og Fredrik Skavlan (2010).