Nasjonale prøvar: Gutane betre i rekning, jentene best i lesing

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsdirektoratet offentleggjorde onsdag resultata frå dei nasjonale prøvane i haust. Elevar på femte trinn har gjennomført prøvar i lesing, rekning og engelsk.

Det same har elevar på åttande trinn gjort, medan elevar på niande trinn har hatt prøvar i lesing og rekning.

Forskjellen mellom jenter og gutar aukar i rekning, samanlikna med fjoråret.

– Dei nasjonale prøvane viser at det framleis er fleire gutar enn jenter som presterer på høgaste nivå i rekning, og forskjellen aukar noko for elevane i ungdomsskulen, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Han meiner prøvane i år viser at styresmaktene framleis har ein jobb å gjere for å sikre at skulen løftar alle elevane.

Jenter best i lesing – gutar best i rekning

Det er i snitt små endringar på nasjonalt nivå, men det er ein tendens til at jenter gjer det svakare, medan gutar gjer det litt betre samanlikna med tidlegare.

Blant femteklassingane er det fleire gutar enn jenter på høgaste nivå i rekning og fleire jenter enn gutar på lågaste nivå.

I lesing og engelsk er det små forskjellar mellom gutar og jenter. Samanlikna med i fjor er det færre jenter på det høgaste meistringsnivået, medan det er noko færre gutar på det lågaste nivået i lesing.

På ungdomstrinnet er det no litt færre elevar på dei lågaste nivåa enn for nokre år sidan. I engelsk er det jamt mellom jenter og gutar. I lesing er det flest jenter på dei høgaste meistringsnivåa, medan det er fleire gutar på dei høgaste meistringsnivåa i rekning.

Oslo med best resultat – Finnmark på botn

Det er framleis Oslo som får dei beste resultata, medan skulane i Finnmark kjem dårlegast ut.

I Oslo presterer 17 prosent av elevane i åttande trinn på høgaste meistringsnivå i lesing, medan delen på høgaste meistringsnivå i dei andre fylka varierer mellom 6 og 10 prosent.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) oppmodar skulane til å bruke dei nasjonale prøvane aktivt. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Når det gjeld delen elevar på lågaste meistringsnivå er det mindre forskjell mellom fylka.

Kunnskapsminister Sanner oppmodar skulane til å bruke dei nasjonale prøvane aktivt.

– Det er ein tydeleg samanheng mellom resultata på nasjonale prøvar og fråfall i vidaregåande skule. Eg håper derfor at lærarane bruker prøvane til å følgje opp dei elevane som har ekstra behov for hjelp og støtte, seier han.

Akershus fritek færrast frå nasjonale prøvar

Elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning eller særskild språkopplæring blir fritatt frå dei nasjonale prøvane. I tillegg er det òg elevar som ikkje deltar på prøvane på grunn av dokumentert eller udokumentert fråvær.

Fritaksprosenten varierer frå 2 til 6 prosent mellom fylka på åttande trinn. Aust-Agder har høgast del som blir fritatt frå prøvane, medan Akershus har lågast del for åttande trinn.

På femte trinn er det Finnmark som fritar den høgaste delen av elevar, medan Akershus fritar færrast òg her.

Les også: Nynorskelevar er skuleflinke!

Diskusjonen kring nynorskelevane sine språkferdigheiter er inne i eit sidespor, meiner Øystein A. Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet og professor II ved Høgskulen på Vestlandet. Bakgrunnsfoto: Tim Gouw/Unsplash. Portrettfoto: Stig Brøndbo/UiT.