Nynorskelevar er skuleflinke!

Øystein A. Vangsnes, Professor i nordisk språkvitskap, UiT Noregs arktiske universitet
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten var først på trykk hjå Dag og Tid. 

Etter at Arne Sølvberg spådde nynorskens undergang med innlegget «Nynorsk på sotteseng» 30. november, har ei rekkje herremenn rykt ut med sine tilsvar. Essensen i dei tre siste innleggi i dette ordskiftet no på nyåret (Dyrdal, Hegna og Aaarhus) er at redningi for nynorsken er etableringi av ei stram nynorsknorm, gjerne enkel, men i alle fall klart skilt frå bokmålsnormi.

Det er eit omkvede ein høyrer frå ulike hald, både frå fraksjonar i målrørsla og jamvel frå riksmålssida. Logikken er at den store valfridomen i nynorsk gjer brukarane til utrygge og svake skrivarar og gjerne so usikre at dei vel å verta bokmålsbrukarar i staden.

Problemet er berre at logikken er basert på synsing. Om det er kvalifisert eller ukvalifisert, skal eg ikkje ha sagt, men so vidt eg veit har ingen grundig og systematisk undersøkt om synsingi stemmer med røyndi. Og etter mi meining er denne trui på den stramme normi eit sidespor når det gjeld kva som er hovudutfordringi for nynorsken. Langt viktigare er det å løfta fram den manglande eksponeringi nynorskelevar, altso dei framtidige berarane av språket, får for målet sitt.

Les også: Bokmålsdominans, dialekt og dataspel fører til svakare språkferdigheiter hjå unge nynorskbrukande gutar

Men lat oss først slå fast følgjande: Nynorskelevar er flinke på skulen! Dei er flinkare enn bokmålselevane. Morten Blekesaune, professor i sosiologi ved UiA, og underteikna undersøkte nyleg avgangsresultat 10. trinn i norsk, engelsk og matematikk i dei fire vestlandsfylki i perioden 2009-2017, altso i den regionen der 90 % av alle nynorskelevar bur. Samla utgjer dei om lag 40 % av alle elevar i regionen, for dei folkerike byane er bokmålsdominerte. Flest nynorskelevar er det i Hordaland, og dei er fleire i Rogaland enn i nynorskfylket Sogn og Fjordane.

Då me delte dei 120 vestlandskommunane inn i nynorsk- og bokmålskommunar, fann me at sidemålskarakteren er betre (3,81) enn hovudmålskarakteren (3,76) i nynorskkommunane. I bokmålskommunane er det omvendt (3,66 vs. 3,89). Då me vidare tok høgde for utdanningsnivået i den vaksne folkesetnaden, fann me at nynorskkommunane hadde betre resultat (enn forventa) i sidemål, engelsk og matematikk enn bokmålskommunane – i hovudmål var resultatet like godt. (Det same har me funne i ei tidlegare undersøking av nasjonale prøvar der me tok for oss heile landet.)

Les også: NTNU er nynorskversting – igjen

Det vil seia at sjølv om nynorskelevar statistisk sett er litt betre i sidemål (bokmål) enn i hovudmål (nynorsk), er dei ikkje dårlege i det siste. Først og fremst er dei gode i bokmål! Og altso betre enn bokmålselevane i det meste. Dette er noko me kjenner att frå andre minoritetsspråkssituasjonar: Minoritetsspråksbrukarane er gjerne betre enn majoritetsspråksbrukarane i majoritetsspråket. Når ein ser skikkeleg etter!

Men det er sjølvsagt ei utfordring at nynorskelevane meistrar bokmål betre enn eige mål. Minste motstands veg er eit freistande val – ogso for ungdommar med nynorskbakgrunn. Og då er me tilbake til spørsmålet om det er den vide rettskrivingi som i so fall har skuldi. At det er det snarare enn at (framtidige) nynorskelevar allereie i barnehagen møter meir bokmål enn nynorsk? Eller at det finst alt for lite sluklitteratur på nynorsk for born og unge? At mange digitale læremiddel berre ligg føre på bokmål og ikkje nynorsk? Er det den vide rettskrivingi snarare enn at bokmål dominerer på alle samfunnsnivå og i media på nasjonalt nivå, som er forklaringi?

Eg er ganske overtydd om at formi på normi har lite å seia for dei viktigaste utfordringane nynorsken står overfor. Det ville sikkert ha gjort det greiare for bokmålselevane om dei fekk ei snever nynorsknorm å kjempa med, men ogso dei ville ha hatt mykje meir att for å møta større mengder nynorsk tekst enn dei gjer i dag. Og kor mykje bør uansett omsynet til bokmålsbrukarane telja i dette spørsmålet?

So lat oss få ordskiftet over på dette hovudsporet. Eksponering er nøkkelen til god språklæring, og heller ikkje gruppa – leidd av Christian Bjerke – som no har utmeisla forslag til ny læreplan for norskfaget, synest å ha fatta at læreplanen bør imøtekomma dei ulike behovi nynorskelevar og bokmålselevar har: Nynorskelevane treng meir hovudmål og bokmålselevane treng meir sidemål.

Les også: Snart kan du få «Gild sild» og «Blaut stol» som bankID-passord