Ny rapport: Meir data i skulen, men elevane opplever ikkje at det hjelper læringa

Norske elevar brukar meir tid på datamaskinar og nettbrett og vert mindre distraherte av det digitale enn før, men opplever ikkje at dei lærer betre av den grunn.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg konsentrerer meg betre når eg les på papir, seier Kajsa Bergstrøm (17) til Klassekampen.

Andreklassingen ved Thora Storm videregående i Trondheim er ikkje åleine. I ei undersøking svarar nesten halvparten (49,8 prosent) av vidaregåande elevane at dei er einig eller delvis einig i påstanden om at dei «lærer bedre ved å lese læreboka på papir enn digitalt (på datamaskin)».

Berre 18,2 prosent er ganske uenig eller helt uenig i same påstand, medan 31,9 prosent ikkje har noka meining om det.

Monitor av digital kvardag

Spørsmålet er ein del av Monitorundersøkelsen 2019, som tek føre seg den digitale tilstanden i norsk skule.

Det er SINTEF som lagar rapporten på oppdrag for Utdanningsdirektoratet. Undersøkinga tek føre bruken av data og nettbrett hjå elevar i fjerde, sjuande og niande trinn på barneskulen, i tillegg til VG2 studiespesialisering.

I årets undersøking, som er den sjuande i rekka, har 3440 elevar frå 155 skular svara.

Førre Monitorundersøking var i 2016. Ifølgje undersøkinga har bruken av nettbrett og datamaskinar i den norske skulen auka sidan den gong.

Det er dei eldste elevane som brukar mest tid på datamaskiner. Desse fortel også i større grad enn yngre elevar at dei opplever å bli forstyrra, men tala har gått drastisk ned sidan 2013.

Samstundes er det færre elevar som meiner at datamaskina hjelper dei i læringa.

Kunnskapsministeren vil følgje med

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner gler seg over at fleire bruker digitale verkty og færre vert forstyrra av det, men meiner det er grunn til å følgje med vidare

– Me må fortsatt vere merksame på korleis digitale verkty blir brukt, slik at me aukar eleven sitt læringsutbytte og digitale ferdigheiter. Bruk av datamaskiner og nettbrett skal bidra positivt i opplæringa, understrekar Sanner i ei pressemelding frå departementet.

Då Bjørn Sigurd for første gong spekulerte i korleis han kunne lage dataspel, skjønte verken han eller faren korleis dei skulle gå fram. Foto: Bjørn Sigurd Sælevik Fjose