Stadig fleire elevar går ut av grunnskulen utan grunnskulepoeng

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) varslar tiltak for å sikre at fleire fullfører grunnskulen og vidaregåande. Foto: Andrea Nøttveit

Tala, som P4-nyheitene har fått frå Statistisk sentralbyrå, viser at 5,5 prosent av dei rundt 60.000 tiandeklassingane stod utan poeng då skulen var slutt i vår.

Delen har auka frå 2,2 prosent i 2009 til 5,5 prosent i år. 1.914 gutar og 1.505 jenter mangla vurdering i åtte fag eller meir. Høgast del hadde Østfold med 7,2 prosent.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) varslar no tiltak.

– Det klare målet vårt er at alle skal fullføre grunnskulen og vidaregåande, så dette er eit for høgt tal, seier han.

Tiltak for innvandrarungdom

Årsaka til det høge talet er, ifølgje Sanner, at fleire flyktningar har komme til Noreg dei siste åra. Derfor set regjeringa no i gang tiltak slik at fleire innvandrarungdommar får grunnskuleopplæring før dei startar på vidaregåande skule.

– Frå neste år løyver vi 25 millionar kroner ekstra til dette, slik at opp mot 3.000 ungdommar får moglegheit til å få grunnskuleutdanning før dei startar på vidaregåande, seier kunnskapsministeren.

Leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino understrekar at det som skjer på nett i høgste grad er ein del av livet til elevane.