Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alder er tydeleg noko som blir brukt for å avvisa påstandar og engasjementet frå unge. Folk meiner det er vaksne og foreldra som står bak, men me snakkar jo for oss sjølv og er motiverte av eigen overtyding, seier Kelsey Juliana (23) frå USA.

23-åringen frå USA er blant dei unge representantane på Oslo Pax-konferansen i regi av Nobels fredssenter.

I starten av september vart den fyrste årlege konferansen halden. 

Krig og klimakrise

Temaet i år var koplingane mellom fred/krig og klimakrise, noko norske Penelope Lea meiner er ei veldig underkommunisert problemstilling i den norske offentlege debatten.

Den norske 14-åringen har vorte kalla Noregs Greta Thunberg og er tidenes yngste vinnar av Frivillighetsprisen.

– Eg synest det var veldig viktig å få løfta og snakka om. Særleg fint var det at mange av deltakarane snakka om det frå ein personleg ståstad, med eigne erfaringar. Det trur eg rørte publikum på ein spesiell måte, seier Lea, og får støtte frå Juliana.

Kelsey Juliana. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Koplinga mellom krig og klima er definitivt ikkje snakka nok om. Me snakkar framleis om klimaendringar som eit CO2-problem. Men kven kjem til å bry seg om CO2? Folk veit ikkje ein gong kva det står for, seier den amerikanske aktivisten. 

Klimasøksmål som verkemiddel

I USA har Juliana stått i front for eit søksmål mot regjeringa, saman med organisasjonen Our childrens trust. Dei ynskjer å få lovfesta retten til eit stabilt klima, og meiner staten bevisst har unnlete å beskytta dei frå klimaendringane.

Pengane Lea vann frå Frivillighetsprisen, donerte ho til Klimsøksmål Arktis, som ankar til Lagmannsretten i november. Klimasøksmålet går til sak på at staten bryt «Miljøparagrafen» i Grunnlova, § 112.  

– Kvifor er det viktig å ta klimakampen til rettsalen?

– Eg som barn kan ikkje stemma, og eg har heller ikkje min eigen økonomi, svarar Penelope Lea.

Ho fortel at barn og unge over heile verda dimed må bruka andre verkemiddel for å skapa endring, og gi tydelege signal.

– Og dette er eit av dei verkemidla me har. Me prøver å bruka alle moglege, fredelege verkemiddel som for å oppnå endring, seier Lea.

Vanskeleg å ytra seg mot olja

Dei meiner begge det har blitt lettare å vera ung klimaaktivist det siste året. Både i Noreg og USA.

– The Sunrise-rørsla har særleg vore med på å vekka dei unge vaksne, og det blir meir og meir vanleg å vera oppteken av klimasaka blant både barn og unge i USA, seier Kelsey Juliana.

Kelsey fortel likevel at det er store lokale forskjellar, utifrå kva stat og miljø du kjem frå. 

– Lokalmiljøet ditt der du bur er klart med på å forma kva klimaendringar betyr for deg. Betyr det energi i oljesektoren, diskriminering, utdanning – det kjem veldig an på kor i USA ein er. 

Sjølv kjenner ho mange i «olje-statar» som er nervøse for å ytra seg mot oljenæringa.

– Dei trur på saka sjølv og ynskjer å markera det, men miljøet rundt dei støttar det ikkje, seier 23-åringen.

Penelope Lea kjenner dette igjen frå den norske debatten også. Ho meiner at hets og hat er ein stor grunn til at mange barn, og også vaksne, vegrar seg for å ytra seg offentleg.

– Eg veit at alle som ytrar seg offentleg får hat og hets. Eg har fått det, Kelsey har fått det. Men me må snakka meir om det med kvarandre, på ein måte som ikkje skapar hat. Det er to ulike ting å meina ulike ting og å hetsa kvarandre, fortel Lea.

Frå venstre: Amerikanske Kelsey Juliana (23) og norske Penelope Lea (14) føler ofte at vaksne brukar hersketeknikkar, men at det har vorte lettare å vere klimaaktivist. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Fann tryggleik i felleskapet

Samstundes har også den norske 14-åringen merka at fellesskapet er viktig når ho har snakka med yngre rundt om i Noreg.

– Engasjementet blant unge i Norge, har vore der lenge. Eg trur det er sånn i resten av verda også. Men med skulestreikane og andre klimarørsler, fekk me ein ny og kraftig måte  å kunne stå saman og uttrykka uroingane og redslene våre – saman, fortel Penelope Lea.

Sjølv er ho ikkje redd for å ytra seg om saka, men trur det heng saman med at ho har støtte frå familie, vener og organisasjonane ho er med i.

– Om ein ikkje har det, trur eg det kan vera einsamt. Då eg organiserte meg hjalp det veldig. Er ein redd for å uttrykka seg, trur eg det er lurt å organisera seg med andre. Då er du ikkje åleine lengre. 

For Lea er nettopp samhaldet ei viktig årsak til at ho framleis held fram.

– Eg kjenner engasjement og kjærleik mellom folk i min generasjon over heile verda. Det er veldig sterkt for meg.

António Guterres, generalsekretær i FN, krev at land som deltek på toppmøtet forpliktar seg til netto nullutslepp innan 2050. Foto: Eric Bridiers/Wikimedia.org