Natur og Ungdom går til sak mot staten

– Oljebonanza i nord er i strid med grunnlova.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.11.2017 16:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsstyret til Natur og ungdom har vedtatt å slutta seg til eit mogleg klimasøksmål mot oljeboring i Barentshavet i 23. konsesjonsrunde. Saman med ein brei koalisjon beståande av blant anna Greenpeace og fleire andre organisasjonar og einskildpersonar ynskjer ungdomsorganisasjonen no å stemna regjeringa for brot på paragraf 112 i Grunnlova.

– Me er trygge på at me har ei sterk sak. Oljeboring i Arktis trugar liva til dei framtidige generasjonane våre. Når den norske regjeringa med viten og vilje opnar for meir klimaendringar, er det eit brot på miljøparagrafen i grunnlova vår, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Kronerulling
Sidan januar 2015 har ei rekkje organisasjonar og einskildpersonar samarbeidd om eit mogleg klimasøksmål retta mot oljetildelingar i 23. konsesjonsrunde. No har Natur og Ungdom slått fast at dei støttar søksmålet og ynskjer å vera blant organisasjonane som stiller seg i spissen for arbeidet. Organisasjonen ynskjer å bruka sine over 7000 medlemmar til å spreia bodskapen til nordmenn over heile landet.

– Miljøpragrafen i Grunnlova handlar om at barnebarna våre har rett til ein klode det er mogleg å leva på. Å hindra oljeboring i Arktis handlar om å forsvara denne retten. I løpet av kort tid kjem vi til å setja i gang ein kronerullingskampanje, slik alle skal få høve til å verta med og støtte dette arbeidet, seier Skjoldvær.

LES OGSÅ: Nederland dømd til å kutta klimagassar

Fleire vurderer støtte til rettsak
Fleire organisasjonar har varsla at dei vurderer eit søksmål. Vedtaket til Natur og ungdom avheng av støtte frå ein annan medsaksøkar, til dømes Greenpeace, som i desse dagane vurderer om dei ønskjer å ta saka til rettsalen.

– Me er stolte over at Natur og Ungdom leier an. Det gjev oss tru på at dette er noko som kjem til å skje. Me fullfører i desse dagane juridiske utgreiingar og avgjer om mei skal levera eit søksmål i løpet av den komande månaden, seier Erlend Tellnes, kampanjeleiar for Arktis i Greenpeace Norge i pressemeldinga.

LES OGSÅ: – Miljøparagrafen i Grunnlova er ikkje symbolsk