Meir enn 100 land søkte – berre halvparten får tala under Klimatoppmøtet i New York neste veke.
mm

På FN sitt Klimatoppmøte 23. september skal 63 land skal tala, og kol er ein av dei store hovudsakene.

Mange statsleiarar – mellom anna den britiske statsministeren Boris Johnson og president Emmanuel Macron frå Frankrike – får tre minutt til rådigheit til å fortelje om sine nye klimaforpliktingar.

Meir enn 100 land søkte om å få taletid, men halvparten vart altså avslått ifølgje nettavisa Climate Change News. 

– Berre dei dristigaste får tala

Store økonomiar som Japan og Australia er blant dei som ikkje er inviterte til å tala på klimatoppmøtet. Det melder Financial Times.

Grunnen er at desse landa framleis støttar kolproduksjon, noko som kolliderer med krava frå generalsekretær i FN, António Guterres.

– Berre dei dristigaste og mest forvandlande handlingane får ta scena. Ikkje ha med ein tale, men ha med ein plan! har han sagt gong på gong før Klimatoppmøtet.

Målet er at møtet skal gi konkrete planar og døme på korleis land allereie er i gong med å kutta utsleppa sine.

Kolsatsing og avtalebrot

Generalsekretær Guterres har mellom anna sett krav til at landa som skal delta på møtet må minst ein av tre ting: slutta å bygga nye kolkraftverk, redusera subsidiar av fossilt brensel eller forplikta seg til netto nullutslepp innan 2050.

Amina Mohammed. Foto: FN

– Måndag får me sjå kven som tek ansvar. Me vil få sjå korleis klimaleiarskap ser ut, sa Amina Mohammed, visegeneralsekretær i FN, på ein pressekonferanse tysdag.

Ifølgje den australske avisa The Australian er det færre enn ein tredjedel av dei 197 landa i Paris-avtalen, som får lov til å tala på samlinga i New York.

USA, som har sagt at dei vil ut av Paris-avtalen, vil ikkje delta på toppmøtet, og heller ikkje Brasil og Saudi-Arabia som begge har kritisert Paris-avtalen. Det er uvisst om dette er fordi dei vart avviste.

Erna Solberg på scena

Sveinung Rotevatn. Foto: Mona Melanie Lindseth / Venstre

– I Noreg byggjer me ingen kolkraftverk, me aukar avgiftene på fossile drivstoff og har eit mål om klimanøytralitet innan 2030, seier statssekretær Sveining Rotevatn i Venstre, til Framtida.no

Han har forståing for at taletid vert prioritert til dei som har planar om auka klimaambisjonar – i tråd med formålet til klimatoppmøte: å greia 1,5-gradarsmålet.

Rotevatn stadfestar at Noreg er invitert til å tala, og ser fram til eit møte som kan få fleire land til å auka innsatsen mot klimautslepp.

– Norsk klimapolitikk ligg langt framme og hovudtema for statsministeren sitt innlegg, blir mellom anna korleis tiltak på havområdet kan bidra til lågare utslepp av klimagassar.

Statsminister Erna Solberg talte til klimastreikarane framfor Stortinget fredag 24. mai. Foto: Andrea Nøttveit

Kol-verstingar får tala

Kina og India ligg på topplista av kolproduksjon i verda, saman med USA og Australia. Men fordi dei blir sett på som utviklingsland, får dei likevel tala på møtet.

Det internasjonale samfunnet har lagt press på begge landa om å forbetre klimasatsinga si, og landa har ifølgje nettavisa Climate Change News til gjengjeld bede om finansieringshjelp.

Paris-avtalen sette seg mål om å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader. Med dagens tempo vil ein streva med å greia å halda oppvarminga under tre grader innan 2100.

For å greia målet 1,5-gradarsmålet, må ein mellom anna kutta kolproduksjon til null og oppnå netto nullutslepp innan 2050. Dette ifølgje fjorårets rapport frå FN sitt klimapanel.

Med «New York State Climate Leadership and Community Protection Act» vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040. Foto: Matteo Catanese, Unsplash.com
Oppdatert: fredag 20. september 2019 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE