Ber dei vaksne bli med i global storstreik for klimaet
20. - 27. september er det klart for det som truleg blir verdas største klimastreik-veke så langt: Global week for future.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Inspirert av rørsla #Fridaysforfuture, er det no duka for ei heil veke med streikar over heile verda.
Skulestreikane med barn og unge har fått mykje merksemd, og det vart anslått at omlag 1,5 millionar unge i over 130 land samla seg i den største globale skulestreiken så langt, 24. mai i år.
– Sorry, om dette passar dårleg for deg
For første gang sidan Greta Thunberg sette seg ned utanfor Riksdagen i Sverige for å streika hausten 2018, vil også vaksne vera med på den globale streiken.
– Me føler at mange vaksne ikkje heilt har forstått at me unge ikkje kan stansa klimakrisa sjølv. Sorry, om dette passar dårleg for deg. Men dette er ikkje ein enkeltgenerasjons-jobb. Det er menneskeslekta sin jobb.
Dette skriv Greta Thunberg og 36 andre unge klimaaktivistar i ein invitasjon til dei vaksne om å delta i streiken, publisert i britiske The Guardian.
- Trur du streik er til inga nytte? Ei ny undersøking viser at ein av fire nordmenn er blitt meir medvitne om klimaendringane, på grunn av klimaengasjementet.
Appellerer til foreldre
– Under den franske revolusjonen strøymde mødrer til gatene for barna sine. I dag kjempar me barna sjølve, medan så mange av foreldra våre er opptekne med å diskutera om me har gode karakterar, ein ny diett eller kva som skjedde i Game of Thrones-finalen. Samstundes som planeten brenn, skriv klimaaktivistane vidare.
Og foreldre byrjar å vakna. I Noreg vart også vaksne med i klimamarkeringar under Klimabrølet 30.august i år. Arrangørane reknar at omlag 58.000 møtte opp over heile landet.
I England oppmodar gruppa Parents for future andre foreldre til å bli med, og har laga ein film for å verkeleg visa alvoret.
– Unge folk streikar for klimaet. Bli med dei, er beskjeden.
Verdsomspennande klimaveke
Det er førebels planlagt over 2400 arrangement i 115 land og 1000 byar. Men som i tidlegare Fridayforfuture-streikar, stig tala stadig etterkvart som det nærmar seg den globale #Weekforfuture.
Bedrifter er også oppmoda til å streika, og mange har samla seg under Not business as usual. Morgonen 16. september har nesten 1200 bedrifter signert på at dei er med.
Lush Cosmetics, isprodusent Ben & Jerry’s og klesmerket Patagonia er nokre av desse.
Make your voice heard for climate action! Take a stand for our future by standing alongside students and youth leaders at the #GlobalClimateStrikes on Sept. 20 to demand action on climate change. Learn more: https://t.co/wjI8rXaZFh
— Ben & Jerry’s Australia (@BenAndJerrysOz) September 6, 2019
- Lurer du på korleis du kan vere med å hjelpe regnskogen i Amazonas? Her er nokre tips.
Amazon-tilsette: – Me må ta ansvar
Over 1000 tilsette i Amazon har varsla at dei vil gå ut i streik fredag 20. september. Allereie 9. september la dei ut ei pressemelding på nettstaden Medium, om kvifor dei vil streika.
– Som tilsette i ei av verdas største og mektigaste bedriftar, er vår rolle i møte med klimakrisa å sikra at bedrifta er leiande på klima – ikkje hengande etter. Me må ta ansvar for påverknaden vår bedrift har på planeten og folk, skriv dei og krev mellom anna nullutslepp innan 2030.
Det er også mogleg å delta i den digitale streiken, ved å lasta opp banner og «legge ned» heimesida til bedrifta denne dagen.
Tumblr, Imgur, WordPress og Kickstarter er blant dei over 1000 bedriftene som allereie har meldt seg på.
Amnesty-støtte
Fredag 20. september startar streikeveka med skulestreik, noko også Kumi Naidoo, generalsekretær i Amnesty international, har fått med seg.
Han har sendt brev retta til lærarar og skuleleiarar over heile verda, med oppmoding om å støtta skulestreikane.
– Retten til eit sunt miljø, inkludert eit trygt klima, er grunnleggande for å kunne gleda seg over andre rettar. Det er ein rett som barn i dag, trist nok har blitt tvinga til å ta leiinga i å setje lys på.
Han skriv at årsaka til streikane er så viktig historisk sett, at han bed skuletilsette om å ikkje hindra eller straffa elevar som deltek i streikane denne veka.
The climate emergency is the defining human rights issue for youth today. It will shape their lives in every way.
That’s why I’ve written to more than 30,000 schools around the world urging them to let pupils join the historic climate strikes on the 20th & 27th September. pic.twitter.com/ATJamTVpe0
— Kumi Naidoo (@kuminaidoo) September 11, 2019
Ryddedag
Greta Thunberg kjem til å vere blant dei som deltek på skulestreiken i New York. Byen er vertsskap når FN sitt klimatoppmøte går av stabelen 23. september.
Laurdag 21. september er det verdsdagen for opprydding og i fleire land blir det arrangert strandrydding, byrydding og meir. I fjor deltok over 18 millionar menneske på verdsoppryddingdagen, eller World clean up day.
Her kan du sjå alle arrangement, legga til ditt eige og lese meir.
- Nedanfor ser du korleis det såg ut under Klimabrølet i Oslo, 30.august: