Forskar: – Klimasøksmål har vunne fram i andre land
Det norske klimasøksmålet er del av ein internasjonal trend, seier Esmeralda Colombo. Ho forskar på klimasøksmål, og ventar å sjå fleire slike søksmål i Norge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Klimasøksmål har vunne fram i andre land
Saka er henta med velvilje får uib.no.
4.januar blei den norske staten frikjent for brot på miljøparagrafen i Grunnlova, etter at Greenpeace og Natur og Ungdom hausten 2016 saksøkte staten i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet.
Sjølv om dette er første gong miljøparagrafen i den norske grunnlova blir prøvd for retten, er saka ikkje unik i verdssamanheng. Talet på slike søksmål aukar, og me kan definitivt vente oss fleire i åra som kjem, seier Esmeralda Colombo som forskar på klimasøksmål ved Det juridiske fakultet ved UiB.
– Det sivile samfunnet i Norge er i aukande grad uroa over at den nasjonale klimapolitikken ikkje følgjer ambisjonane Norge forplikta seg til gjennom Parisavtalen. Sidan desse no er nedfelt i Klimalova, kan fleire søksmål spørje om koherensen mellom konkrete planar, prosjekt og/eller politikk med slike nasjonale løfter.
– Eg forventar også fleire søksmål som ber om konsekvensutgreiingar av klimaendringar, når slike vurderingar ikkje blir gjennomført i det heile tatt, eller ikkje i tilstrekkeleg grad, seier Colombo.
900 klimasøksmål på verdsbasis
Klimasøksmål dukka opp på slutten av åttitalet–starten av nittitalet, men har auka vesentleg på 2000-talet og i løpet av dei siste sju åra. På verdsbasis er talet no oppe i nesten 900 søksmål.
– Ikkje berre stig talet på klimasøksmål, men dei som reiser søksmålet har nyleg begynt å bruke internasjonalt lovverk for å støtte krava sine i dei nasjonale domstolane. Dette har tidlegare skjedd innan ulike felt, som menneskerettar og miljørett, seier Colombo.
Ho jobbar no med forskingsprosjektet «Access to Justice Reloaded. The Judicial Enforcement of International Law in National Climate Change Cases», der ho undersøker kva rolle folkerett speler i klimasøksmål i nasjonale domstolar.
– Likskapen mellom desse sakene er oppsiktsvekkande. Folkerettslege normer som berekraftig utvikling og rettferd mellom generasjonar, blir brukt på ein slåande lik måte og leier til slåande like resultat i svært ulike rettssystem. Eg undersøker difor om folkerettslege normer gir større tilgang til rettferdigheit for enkeltpersonar og frivillige organisasjonar i nasjonale klimasøksmål. Med tilgang til rettferdigheit, meiner eg tilgang til domstolar og effektive rettsmiddel i klimasøksmål.
Ulike typar klimasøksmål
Ein kan dele inn klimasøksmål i tre grupper. Førstegenerasjons klimasøksmål er den type søksmål som Greenpeace Norden og Natur og Ungdom tok ut mot den norske staten i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet.
Desse er retta mot myndigheiter og andre utøvande organ, med mål om å redusere klimagassutslepp, og/eller få dei til å legge planar for å tilpasse seg klimaendringane.
– Dette kan vere strategiske søksmål mot konkrete prosjekt eller tillatingar, eller politisk-baserte søksmål mot klimapolitikk. Den norske saka høyrer til gruppa av strategiske søksmål, men kan ha konsekvensar for klimapolitikken, seier Colombo.
Andregenerasjons klimasøksmål er gjerne er retta mot store selskap, der kjernen i søksmålet er at dei kjente til konsekvensane av klimagassutslepp, men villeia og konspirerte mot borgarane og forårsaka økonomiske tap.
Tredjegenerasjons klimasøksmål rettar seg også mot skadar forårsaka av klimaendringar, men dei styrer unna skuldingar om villeiande handlingar, og vert gjerne fremme av små aktørar, for eksempel enkeltpersonar. Folkerett kan spele inn i alle typar klimasøksmål.
– Eg tvilar på at me vil få andregenerasjons klimasøksmål i Norge. Men sjansane er definitivt til stades for tredjegenerasjons søksmål. Desse kan komme frå bønder i Vest-Norge som ikkje får dekka tap som følgje av kraftig nedbør gjennom forsikring, eller frå aksjonærar i fond, også pensjonskasser, som hevdar at fondet sine investeringar i karbonintensive aktivitetar gjer skade med deira andel, seier Colombo.
Desse sakene har vunne fram
Innan feltet Colombo forskar på, søksmål der folkerett speler ei viktig rolle, har fem slike søksmål vunne fram. Tre av dei vert rekna som fulle sigrar og to som førebelse sigrar.
Dei tre første er Urgenda-saka i Nederland, Leghari-saka frå Pakistan og Earthlife-saka frå Sør-Afrika. Dei to søksmåla som førebelse har vunne fram, er Juliana v. United States i USA og Lliuya v. RWE AG i Tyskland.
Kva konsekvensar slike søksmål kan få, er avhengig av type søksmål, seier Colombo.
– Dei kan stoppe konkrete prosjekt, for eksempel bygginga av kolkraftverk, eller i det minste krevje at konsekvensar for klimaet blir tatt med i vurderinga når ei slik ein skal gi løyve til å bygge, som i Earthlife-saka frå Sør Afrika. Her har ikkje myndigheitene anka dommen, og dei greier no ut risikoen for klimaendringar ved utbygginga av eit kolkraftverk, før dei gir løyve.
– Søksmåla kan også påverke måla for reduksjon av utslepp, som tilfellet var i Nederland. Urgenda-saka blir anka, men den nederlanske regjeringa har sett i gong med å gjennomføre den rettslege avgjersla om å auke innsatsen for å redusere utsleppa av klimagassar frå 17 prosent til 25 prosent innan 2020, samanlikna med 1990.
Dommarar kan også pålegge myndigheiter å raskare regulere utslepp, som i USA-saka; å handheve allereie eksisterande regelverk, som i Pakistan-saka; eller pålegge private selskap å dekke eit økonomisk tap, som i saka frå Tyskland.
– Uansett, fører som oftast klimasøksmål til ein offentleg debatt som kan vere nyttig. Slike rettssaker syner fram konkrete problem, som gjer at ein lettare kan forstå det underliggande problemet og reflektere over dei moglege løysingane. Men søksmål kostar, både for menneske og i eit økonomisk perspektiv. Dei er difor ikkje den einaste strategien ein bør bruke for å takle klimaendringar, men bør heller komme i tillegg til anna innsats, seier Colombo.
Norsk klimasøksmål har vekt ulike reaksjonar
Internasjonalt har det norske klimasøksmålet blitt lagt merke til, og føya seg inn i den lange rekka av klimasøksmål som dukkar opp over heile verda, og som tek i bruk Grunnlova.
Til skilnad frå i Norge, har moglegheita til å bruke Grunnlova i denne type saker, ikkje blitt sett på som noko nytt eller urovekkande, seier Colombo.
– Forsking syner at miljølovgiving i grunnlover over heile verda, blir brukt ganske naturleg. Dette gjeld spesielt når grunnlova nedfeller både prinsippet om berekraftig utvikling og rettferd mellom generasjonar, som § 112 i vår grunnlov.
– Søksmålet har vekt ulike reaksjonar i Norge. Bør det i det heile tatt vere mogleg å rette slike søksmål mot ein stat?
– Dette er ikkje første gongen utøvande myndigheiter har blitt tatt til retten, men dette er den første gongen det skjer i samband med klimaendringar. Kvifor får me så alle denne merksemda ved klimasøksmål? Som i andre land, kan dette skuldast at saker som gjeld klimaendringar tidlegare blei sett som noko som ligg inn under dei enkelte statane. Men statar har ofte sett utsleppsmål som dei ikkje har halde, eller ikkje kan halde. Å vurdere klimaendringar som fundamentalt ulike frå andre typar krav, i den forstanden at domstolane ikkje bør vurdere tiltak knytt til klimaendringar, kan vere problematisk. Dette kan røre ved maktbalansen mellom den utøvande makt, lovgivande makt og domstolane. Det kan eksempelvis mangla ei rettsleg vurdering av utøvande tiltak i lys av eksisterande klima-, miljø- og menneskerettighetslover, seier Colombo.
– Sett i lys av dette, har enkeltpersonar og frivillige organisasjonar valt å spørje om kor vidt staten sin samla klimapolitikk og forvaltning, er konsistent. Den norske saka blir mellom anna ført på dette grunnlaget, i betydninga av at i følgje noko forsking, er Norge ikkje i rute for å overhalde eigne mål for reduksjon i utslepp. Lisensane i Barentshavet vil ikkje gjere desse måla meir oppnåelege, tvert om, i tillegg til risikoen for oljesøl og andre ulukker så langt nord, i tillegg til forureinande utslepp frå eit sånt område (black carbon).
– Klimarettsaker er ikkje vellukka berre når dei lukkast. Kvar og eit søksmål er vellukka når offentleg diskusjon er fremja og demokratiet dermed styrkt.
Klimasøksmålet
- Greenpeace Norden og Natur og Ungdom tok ut søksmål mot den norske staten i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet, hausten 2016
- Kjernen i søksmålet er at regjeringa sitt vedtak om å gje utvinningsløyver i arktiske strøk er i strid med retten til eit berekraftig miljø prega av naturmangfald, som Grunnlova §112 sikrar norske borgarar
- Saka var oppe i Oslo tingrett i november
- 4. januar 2018 blei staten frikjent for brot på miljøparagrafen