Penelope Lea donerer prispengar til klimasøksmål

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor vart 14 år gamle Penelope Lea den yngste vinnaren nokon sinne av Frivillighetsprisen, og mottok med det både heider og 50. 000 kroner.

Under Klimabrølet i Oslo fredag heldt ho appell for dei frammøtte:

– Eg meiner ingen har rett til å seie at vi er for små til å gjere ein forskjell, når vi er i ei slik krise, sa Lea frå scena.

Så annonserte den unge Miljøagenten at ho gjer som Greta Thunberg og donerer heile prissummen ho fekk til det pågåande klimasøksmålet Arktis.

Opp i retten 5. november

Klimasøksmålet vart reist av Natur og Ungdom og Greenpeace i 2016. Dei to organisasjonane saksøkte den norske staten for brot på Grunnlova sin miljøparagraf § 112 over tildeling av ti nye oljelisensar i eit nytt område i Barentshavet.

Då lisensane vart tildelt, var det første gong på 20 år at staten opna så store nye område for oljeverksemd i Arktis.

– Det er krystallklart at staten bryt Grunnlova og retten vår til eit sunt miljø ved å tildela nye oljefelt. Den norske oljepolitikken sviktar generasjonen min og trugar framtida vår.

Det sa Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord til Framtida.no i februar 2018 då organisasjonen anka frikjenninga frå tingretten året før. Natur og Ungdom og Greenpeace argumenterte då for å få anke direkte til Høgstrett, noko som vart avvist.

Besteforeldrenes Klimaaksjon melde seg som partshjelp i saka i 2017, og i år har også Naturvernforbundet tilslutta seg søksmålet.

Anken skal opp i Borgarting lagmannsrett 5. november.