Palestina, antiimperialisme og sosiale forskjellar – dette er hjartesakene til Raud Ungdom
Framtida.no sin turné på dei forskjellige sommarleirane til ungdomspartia fortset med Raud Ungdom, og vi held fram med å spørje: Kva er hjartesaka di?

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
– Mi hjartesak … Eg brenn for mykje, men no er det sosialismen som er viktigast for meg, seier Clementine Rovold-Hansen (18).
Ho var blant dei 112 som deltok på Raud Ungdom sin sommarleir på Gausdal leirstad i Buskerud, som gjekk føre seg frå 7. til 12. juli.
Framtida.no tok turen og nytta sjansen til å ta temperaturen på kva medlemmane i Raud Ungdom har som sine hjartesaker.
Rovold-Hansen seier ho synest verda er urettferdig, og at ho brenn for å jamne ut forskjellar i samfunnet.
– Nokon som ikkje gjer stort kan tene mykje meir enn dei som er essensielle for samfunnet. Det er ikkje rett. Eg synest kven vi verdset burde endrast.
Ho ønskjer òg betre psykisk helsevern, og betre tilrettelegging for utdanning.
Vil kjempe for å endre maktstrukturar
Sanjitaa Venkatesh (17) frå Asker fann eit fellesskap i Raud Ungdom då ho starta på vidaregåande skule. Hennar hjartesak er antiimperialisme
– Eg har indisk bakgrunn, så eg har sett kva ei vestleg kolonimakt kan gjere med eit land. Og korleis det påverkar landet i lang tid.
– Det er noko av det eg brenn mest for, å endre dei maktstrukturane i verda i dag.
Også andre av ungdommane seier foreldra og bakgrunnen deira har vore viktige for kva dei brenn for no.
– Mi hjartesak er nasjonalisering av industrien, seier Emir Katan (18).
Når Framtida.no pratar med han, har han nett kome av bana etter ein intens fotballkamp i steikande solskin.
– Foreldra mine er frå tidlegare sosialistiske land, som no har endra seg. Situasjonen i dei landa er mykje verre i dag enn før. Eg meiner sosialismen gjer livet til folk betre.
- Les også stemningsrapporten frå Raud Ungdom sin sommarleir: Som å vere ungdom på 80-talet
Ønskjer seg ei betre verd
– Eg trur kanskje at hjartesaka mi er Palestina.
Henning Auestad Saga (18) seier Israel-Palestina-konflikten er noko heile familien hans har engasjert seg i, og at den er ein del av grunnen til at han har vorte engasjert i politikk.
– Heile den konflikten er så urettferdig, og det er så skeivt fordelt kven som blir skada og drepen.
Felles for alle Framtida.no pratar med frå Raud Ungdom, er at dei ønskjer endring. Det gjeld også for Bo Haga-Fadnes (18).
– Eg har fleire hjartesaker. Eg tenker hovudsakleg på klima og feminisme. Og så slåst eg for ei generell omstrukturering av samfunnet og korleis det fungerer.
– For det går bratt nedover, og eg meiner vi fortener utruleg mykje betre. Vi treng ei forandring.