«Vi må ikkje vere så grådige» – Dette er Sosialistisk Ungdom sine hjartesaker

Rettferdig omfordeling, klima og Palestina er viktige saker for medlemmane i Sosialistisk Ungdom. Framtida har besøkt årets tredje sommarleir.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.

– Eitt av ti born veks opp i fattigdom, samstundes som vi aldri har hatt fleire milliardærar i Noreg. 400 nordmenn har milliardar på konto. Vi kan ha mykje betre fordeling, så alle kan få høve til å leve gode liv.

Det seier Charlie Meurer-Lunde (19). Han har teke turen til Sosialistisk Ungdom sin sommarleir på Utøya, i lag med 220 andre ungdommar. Leiren går over fem dagar, frå 15. til 19. juli. Framtida er innom mellom anna for å høyre kva hjartesakene til medlemmene er.

Charlie Meurer-Lunde (19) er på Sosialistisk Ungdom sin sommarleir på Utøya. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Det er kampen for rettferdig fordeling som ligg nærast hjartet til Meuer-Lunde, men også skeiv politikk og feminisme var viktig for han då han valde parti. Han fortel at han vart rekruttert til SU under førre valkamp.

Han trur økonomisk fordeling vert ei viktig sak under årets valkamp.

– Eg trur det vert mykje snakk skatt og økonomi. Det er mange folk som kjenner dyrtida på kroppen, seier han.

Hege Wetås (19) er på Sosialistisk Ungdom sin sommarleir på Utøya. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Kul klasseanalyse

Også Hege Wetås er oppteken av skeiv politikk.

– Skeiv frigjering betyr veldig mykje for meg. Eg synest det er veldig viktig at den sosialistiske og feministiske ideologien vår gagnar alle, og ikkje berre dei mest innlysande gruppene, seier ho.

Ho viser til at skeive i stor grad vert undertrykte av dei same strukturane som undertrykker kvinner.

– Difor er det viktig at feminismen vår er aktivt inkluderande for den skeive rørsla, slår ho fast.

Ho fortel at ho enda opp med å engasjere seg politisk medan ho gjekk på ungdomsskulen.

– Eg trong desperat å kunne henge med nokon som delte meiningane mine og som ikkje syntest det var nørd å vere feminist, seier ho.

Valet fall på SV og SU fordi partiet har ein «kul» klasseanalyse utan å miste fokus på klima og miljø, seier ho.

– SU ser alle problema i verda i samanheng, og vil løyse alle problema samstundes.

Sterkt fellesskap

– Skilnadene mellom folk i Noreg vert større og større. Det er veldig viktig at dei som har aller mest i samfunnet skal bidra endå meir, sånn at vi alle kan nyte godt av velferdsgodane, så vi har eit sterkt fellesskap, seier Nina Fjellstad (20).

Fjellstad er fylkesleiar i Troms SU og er på Utøya i lag med ein solid gjeng frå Nord-Noreg.

Fjellstad fortel at ho enda opp i politikken fordi venegjengen hennar var einige om at dei ville melde seg inn i ein ungdomsorganisasjon. Valet fall på AUF, men Fjellstad vart lokka over til SU etter kvart. Varaordføraren i Tromsø, Sigrid Bjørnhaug Hammer (24), inspirerte henne.

– Ho er skikkeleg flink i debatt. Ho har vore eit førebilete for meg, seier Fjellstad.

Nina Fjellstad (20) er på Sosialistisk Ungdom sin sommarleir på Utøya. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Vil vareta heile landet

Anton Andreassen har to saker som skil seg ut: Distriktspolitikk og naturvern. Han er fylkesleiar for Nordland SU, og som nordlending har han naturlegvis eit ekstra stort hjarte for landsdelen sin.

– Fylket vårt har vorte underprioritert altfor lenge. Ein tappar ressursar frå Nordland for å bygge dei store byane i landet. Eg vil vareta distriktet over heile landet, men særleg i mitt kjære Nordland, seier han.

Natursaka var likevel den aller største grunnen til at han engasjerte seg politisk.

– Vi ser altfor mykje nedbygging av den kjære naturen vår, også i nord, seier han.

Andreassen fortel at han alltid visste at han høyrde til på venstresida. Det var eit Facebook-arrangement for eit lokallagsmøte i Nordland SU som lokka han inn. Han drog på møtet, og vart fort rekruttert som økonomiansvarleg for lokallaget.

– Eg følte at SU og SV tilbydde det beste av alle verdenar innan politikken, seier han.

Andreassen er einig med SV i det meste, men han meiner moderpartiet har eitt saksfelt dei treng å pushast på: ruspolitikken.

– Vi har litt krangel med nokre SV-arar. Mange eldre er bekymra for rus. Vi yngre føler at ein meir liberal ruspolitikk hadde hjelpt heller enn å skade. Då spørst det om vi klarar å overtyde dei litt eldre om at det ikkje er så farleg som propagandaen har fortalt dei, seier han. 

– Ikkje vere grådige

Atle Måseide (18) nemner to saker som ligg nærast hjartet hans: miljøet og Palestina. Men det er tilnærminga til menneske som er sentral for han for kvifor han vart med i SU.

– Hovudstammen for politikken er feminisme og sosialisme, men SU har ei generell kjærleik for menneska. Alle menneske skal sjåast for den dei er, og møtast der dei er. Det er veldig fint, og eg er einig i det, seier han.

Det viktigaste Noreg kan gjere for klimaet, er å totalt endre perspektiv, meiner Måseide.

– Vi må gå frå å satse på grøn vekst til å satse på ting som faktisk er bra for planeten. Vi må ikkje pushe planeten for å tene mest pengar, men heller bruke det vi har og vere nøgde med det. Vi må ikkje vere så grådige, seier han.

Dessutan bør Noreg stoppe elektrifiseringa av Melkøya og fase ut oljen, meiner han.

Måseide meiner også at moderpartiet SV kan strekke seg endå lenger i nokre saker. Han meiner ein bør gå inn for at Oljefondet vert styrt annleis.

– Både ved å trekke Oljefondet ut av folkemordet i Palestina, men også å skrive om mandatet til Oljefondet. Vi bør gå vekk frå å berre tene pengar til å faktisk investere i ting som trengst, seier han.