7 av 10 lokalparti har ikkje mål om klimakutt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 10.01.2020 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny undersøking: 7 av 10 lokalparti har ikkje mål om klimakutt

Berre 30 prosent av lokalpartia har eit vedtatt mål for kor mykje dei vil kutta i klimagassutsleppa frå kommunen sin.

Det viser svara frå over 800 av toppkandidatane til det komande kommunevalet. Undersøkinga er laga av Framtida.no i samarbeid med Landslaget for lokalaviser, Energi og Klima og ABC Nyheter.

Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom, er overraska over tala:

– Det er oppsiktsvekkande at ikkje fleire lokalparti har eigne mål for klimakutt i kommunane, seier han til Framtida.no.

– Utsleppa kjem frå alle kommunane, og då kan ikkje lokalpolitikarane fråskriva seg ansvaret for desse utsleppa, seier han.

Fredag står Natur og Ungdom bak klimastreik minst 27 stader i Noreg.

– Når Stortinget ikkje har vedtatt nye klimatiltak sidan sist me streika, så er det no opp til lokalpolitikarane å ta ansvar, seier Gaute Eiterjord.

Forskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking meiner manglande klimapolitikk i lokalpartia er eit demokratisk problem. Foto: Endre Hilleren/Vestlandsforsking

– Demokratisk problem

Carlo Aall, professor og klimaforskar ved Vestlandsforsking, reagerer òg på at ikkje fleire lokalparti har fastsett mål for klimakutt i kommunanee.

– Dette er verkeleg ille. Det må kallast eit demokratisk problem, seier han.

– Her overlét politikarane til fagfolk i administrasjonen og oss forskarar å formulera klimapolitikk, og etterpå blir me fagfolk kritiserte fordi me går i bedet til politikarane og seier noko om kva slags klimamål politikarane bør ha, held han fram.

 

 

Fleire med klimatiltaka i år

I undersøkinga kjem det fram at nær 80 prosent av lokalpartia nemner ordet klima i partiprogramma sine. I ei mindre undersøking for fire år sidan, var det under halvparten av lokalpartia som nemnde klima i partiprogramma sine.

Seks prosent av lokalpartia har ingen klimatiltak i det heile.

Store forskjellar i ambisjonar

I undersøkinga svarar toppkandidatane òg på spørsmålet om kor store klimakutt dei vil gå inn for innan 2030. Her er det store forskjellar mellom kandidatane som svarar. Samstundes er det færre parti som svarar på dette spørsmålet. Lågast svarprosent har Arbeidarpartiet, KrF og Raudt.

Ordførarkandidatane til Framstegspartiet merkar seg ut med klart lågast klimaambisjonar. Berre tre av dei 104 Frp-ordførarkandidatane som har svara ønskjer å kutta klimautsleppa med over 40 prosent innan 2030. Over 70 prosent vil kutta under 20 prosent, eller ingenting.

Til samanlikning ønskjer 32 prosent av toppkandidatane til Miljøpartiet Dei Grøne å kutta mellom 80-100 prosent av utsleppa innan 2030. 23 prosent av kandidatane til Raudt ønskjer å bli tilnærma klimanøytrale innan 2030, medan talet for SV er 17 prosent.

Høgda på kvar farge viser kor store kutt toppkandidatane ønskjer å kutta. Lys farge: store kutt. Mørkare farge: små eller ingen kutt.

Ronny Harald Blomvik (Frp) oppmodar fleire til å stola på klimavitskapen. Foto: Frp

FrP-topp: – Me har ikkje råd til å feila

Ronny Harald Blomvik frå Sula er den einaste blant ordførarkandidatane til Framstegspartiet som svarar at han ønskjer å kutta meir enn halvparten av klimautsleppa i kommunen sin innan 2030.

Toppkandidaten til Sula FrP ønskjer å kutta mellom 60 og 70 prosent av klimautsleppa frå sunnmørskommunen innan 2030.

– Me har ikkje råd til å feila, seier han til Framtida.no.

– Kva synest du om ambisjonane til kollegaene dine?

– Ein må vera ambisiøs. Alt anna vil vera feil. Klarar me det, så klarar me det. Viss ikkje, så har me i alle fall prøvd, seier den tidlegare fylkesleiaren i Møre og Romsdal FrP.

Han oppmodar fleire til å stola på klimavitskapen.

– Kåre Willoch sa det fint: Sjølv om du ikkje trur det vil brenna i huset ditt, så forsikrar du det. Me må ta oss råd til å hindra dei store konsekvensane av klimaendringane, påpeikar Ronny Harald Blomvik (FrP).

Vil setja miljøkrav til innkjøp

I ei undersøking blant norske kommunar tidlegare i år, svara berre éin av fem at dei følgjer kravet om å vekta miljø i kommunale anbod.

No svarar 73 prosent av ordførarkandidatane at dei vil setja miljøkrav i alle kommunale innkjøp. Like mange prosent ønskjer å verna matjord mot utbygging.

Gaute Eiterjord er leiar i Natur og ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Dette er oppløftande tal, seier Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom.

– Ofte taper matjorda. No håpar eg løfta til politikarane står seg også når det blir vanskeleg. Kommunane må slutta å bygga ned naturen.

– Det er gjennom kommunebudsjetta og byggesakene kommunane fører miljøpolitikken sin, understrekar han.

LES OGSÅ: Reagerer på manglande miljøkrav

Fleire elbilar og solceller

Kistefossdammen barnehage i Asker er bygd som eit plusshus, og har solceller på taket og andre løysingar som gir god miljøgevinst. No kan det bli solceller i fleire kommunar. Foto: Tove Lauluten/Asker kommune

Så langt har éin av ni kommunar fått seg dei første kommunale bygga med solceller. Dette kan auka kraftig når nær halvparten av ordførarkandidatane ønskjer å få dette i kommunane sine.

I ei undersøking i vinter var det berre halvparten av kommunane som hadde fått seg eigne elbilar. No er det 59 prosent av ordførarkandidatane som ønskjer å få fleire kommunale elbilar.

LES OGSÅ: Nesten ingen kommunar kuttar i kjøtet: – Overraskande at det ikkje søkk inn

Tala er i prosent av alle som har svara.

Les fleire artiklar om lokale klimaløysingar her!

Denne artikkel er ein del av ein artikkelserie om lokale klimaløysingar og klima i lokalvalet. Framtida.no samarbeider med lokalaviser over heile landet, Landslaget for lokalaviser, ABC Nyheter, Energi og Klima om prosjektet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord. Tips oss gjerne på tips @ framtida.no!