Av 64 partiprogram som Framtida.no har undersøkt, er det 26 parti som ikkje nemner klimatiltak i det heile. – Neglisjering av eit ekstremt viktig tema, meiner Framtiden i våre hender.

Svein Olav B. Langåker og Tora Hope
Svein Olav B. Langåker og Tora Hope
Faktaboks

Fram mot lokalvalet vil Framtida.no skriva om det grøne skiftet frå oljealderen til eit berekraftig samfunn. I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også synspunkta dine om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

For innspel: Ta kontakt på on.ad1632407130itmar1632407130f@spi1632407130t1632407130

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida.no har undersøkt klimapolitikken til alle partia som stiller til val i 8 kommunar i Hordaland og Rogaland. Av dei 65 partiprogramma vi har gått gjennom, er det berre 27 som nemner «klima» eksplisitt.

Færrast i Tysnes
Framtida.no har undersøkt lokallaga i kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Bømlo, Kvinnherad, Etne, Sveio og Vindafjord.

Av desse står det aller verst til i Tysnes, der berre Miljøpartiet Dei Grøne nemner klima eksplisitt. Både Ap, Frp, Høgre, KrF, Sp og Venstre stiller lister i kommunen, men ingen av lokalpartia løftar fram klimaendringane som ei viktig sak i partiprogramma sine. Berre Venstre nemner miljøtiltak, ifølgje våre undersøkingar.

Heller ikkje i Fitjar kommune framstår klimaendringane som ei utfordring lokalpolitikarane prioriterer. Av sju parti er det berre Senterpartiet og SV som nemner klima i programmet.

Frp nemner ikkje klimaendringane
Framstegspartiet er det politiske partiet som i minst grad ser ut til å ville gjere noko med klimaendringane. Ingen av lokallaga i dei åtte kommunane nemner det statsminister Erna Solberg kallar vår tids største utfordring.

– Kommunane er svært viktige for at vi skal nå klimamåla våre, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) til Framtida.no då han opna valkampen på Stord for nokre veker sidan. Ministeren nemner energibruk, arealforvalting og tilretteleggjing for effektiv transport som saker der kommunane har ansvar som påverkar dei norske utsleppa.

Partiprogramma til Høgre i kommunane me har undersøkt nemner ikkje klima eksplisitt, men lokallaga i Stord, Bømlo og Etne skriv at dei vil leggje til rette for miljøvenlege energiløysingar eller at dei vil forvalte naturen på ein forsvarleg måte og bidra til nasjonale miljømål.

Partiet Dei Kristne stiller lister i tre av kommunane vi har undersøkt, men nemner ikkje klima i nokon av dei.

MDG og SV er dei partia som kjem best ut av undersøkinga vår. MDG stiller liste i fem av kommunane, og nemner klima i alle. SV stiller liste i 6 av kommunane, og nemner klima i alle.

Deretter kjem Venstre og Sp. Venstre stiller i seks av kommunane, og nemner klima i fem av dei. Sp stiller liste i alle kommunane, og nemner klima i fire av dei.

– Skremmande og alvorleg
Susann Hæstad er lokallagsleiar for Framtiden i våre hender på Haugalandet, det næraste lokallaget for dei fleste kommunane i undersøkinga. Ho meiner tala er ein skremmande peikepinn på ståa i kommunane.

– Noreg har forplikta seg til å nå klimamåla, og det at ikkje ein gong halvparten av partia set klimaendringane på agenaden er veldig skremmande. Det tyder på ei neglisjering av eit ekstremt viktig tema. For meg er det viktigaste vi kan gjere no å ta vare på planeten, for om vi ikkje gjer det, så spelar det lita rolle med resten av politikken.

Hæstad trur det er endring i lufta, og at det snart ikkje vil vere noko veg tilbake.

– Mange av dei eg snakkar med som jobbar med miljø, meiner som meg at det som byrja som ein grøn trend er blitt meir og meir aktuelt for folk flest. Stadig fleire oppdager at dette er ein livsstil dei ønskjer å ha. Eg trur det vil bli slik at det etterkvart vert flaut å ikkje tenkje på dette i planlegging av framtida. Folk som følgjer med veit kor viktig det er, seier Hæstad.

LES OGSÅ: Tjor dei til miljøet!

– Hordaland slepp ut mest CO2 i landet. Forstår lokalpolitikarane alvoret?

– For å vere heilt ærleg: nei. Eg håpar jo at dei gjer det, og eg trur i alle fall Miljøpartiet og dei partia som har fokus på det forstår alvoret. Det er ganske skremmande at vi ligg på topp, og at det samstundes er så lite snakk om det.

– Kva vil du oppmode innbyggjarane i kommunar utan alternativ til å gjere?

– Dei må stille spørsmål til politikarane sine, og syne at dei vil setje fokus på desse veldig viktige sakene. Dei folkevalde er her for folket, og det må vere kommunikasjon utanfom stemmedagen også.

Synnøve Kvamme er overraska over tala. Foto: Ingrid Hillestad

– Politikarane har eit stort forbetringspotensiale
Leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Synnøve Kvamme, meiner politikarane i desse kommunane har eit stort forbetringspotensiale.

– Dette er overraskande i ei tid kor det er viktigare enn nokon gong at tiltak for å bremsa global oppvarming vert iverksett før det er for seint å unngå uhandterlege klimaendringar.

Kvamme legg vekt på at fleire av kommunane er kystkommunar.

– Dei er spesielt utsett for eit destabiliserande klima, havstigning og ekstremvêr, som vi uansett vil få om vi ikkje greier å nå togradersmålet. Difor undrar eg meg over at ikkje fleire politikarar i desse kommunane set klimaet på dagsordenen, skriv Kvamme i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?

– Klimaendringane er eit globalt problem, men løysingane og tiltaka må gjennomførast lokalt. Difor spelar lokalpolitikarane ei nøkkelrolle i kampen mot farlege klimaendringar, og dette ansvaret må dei ta på alvor. Vi er allereie på overtid, og jo lenger vi ventar med å kutte i utslepp og legge til rette for grøne, berekraftige lokalsamfunn, desto meir dramatiske må kutta bli og desto mindre er sjansen for at vi greier å styre unna den absolutte grensa for å unngå dei farlegaste klimaendringane.

Halfdan Wiik i Besteforeldrenes klimaaksjon er ikkje overraska over tala. – Eg er sikker på at ein del veljarar, og særleg dei yngre, vil merke seg kva parti som er på bana i klimasaka, kommenterer han.

FINN UT MEIR OM KOMMUNEN DIN!

– Dette visste vi
Initiativtakar til Besteforeldrenes klimaaksjon, Halfdan Wiik, meiner at Framtida.no si kartlegging stadfestar noko dei allereie visste.

– Det er sjølvsagt skuffande at ein del av partia ikkje ein gong kjem på ordet «klima» i samanheng med programma. Men elles stadfestar denne kartlegginga det vi allereie visste. Alle kommunane vart for nokre år sidan pålagt å utarbeide lokale klimaplanar, men då Besteforeldreaksjonen i 2013 tok stikkprøver rundt om i landet, var resultatet ikkje mykje å skryte av.

Dei fleste planane hadde hamna i ei skuff og vorte gløymt, fortel Wiik. Sjølv om nokre kommunar skilte seg positivt ut, vart dermed hovudinntrykket at lokalpolitikarar ikkje har fått med seg kor mykje som kan gjerast lokalt, ifølgje aksjonisten, som listar opp arealplanlegging, transport og kommunal innkjøpspolitikk.

– Eg er sikker på at ein del veljarar, og særleg dei yngre, vil merke seg kva parti som er på bana i klimasaka. Dessuta arbeider tida for oss. Mitt stalltips er at dette er det siste valet der politiske parti tek sjansen på å syne at dei tenkjer så lite på ei utfordring som stadig fleire menneske er opptekne av.

LES OGSÅ: – Ein illusjon at me kan halde fram som før

– Oppteken av skaparverket
11 av dei 38 partia som ikkje ordet «klima» eksplisitt, nemner likevel eitt eller fleire klimatiltak. Eitt av desse lokalpartia er Stord KrF:

– Vi er opptekne av å ta vare på skaparverket og meiner at forvaltaransvar er ein av grunnsteinane i den kristendemokratiske politikken, seier ordførarkandidat Torbjørn Brosvik. – For Stord kommune har vi konkrete klimatiltak som å byggje ut sykkelvegnettet, leggje til rette for auka bruk av el-bilar og hybridbilar, sikre grøne lunger ved framtidig arealplanlegging og arbeide for at offentlege bygg skal ha optimale energiløysingar. Vi ønskjer å bidra til ein reduksjon av det norske overforbruket av energi og vil leggje til rette for ein overgang til ein grønare energibruk, seier han.

Stord Ap bruker uttrykket «berekraftig utvikling» i programmet sitt:

– Vi har til dømes eit langsiktig perspektiv på arealplanlegging, som er noko av nøkkelen til effektive kommunale klimabidrag. Me snakkar om å planleggje forhold mellom bustader og tenestepunkt til dømes, slik at ein reduserer unaudsynt transport. Vi vil også freiste å undersøkea kva økologisk fotavtrykk kommunen set etter seg, i til dømes innkjøp, investeringar og planlegging, listar ordførarkandidat Harry Herstad opp.

LES OGSÅ:– Dårleg debattklima om klima

Dette fann vi ut:

I Stord er det berre MDG, Sp, SV og V som eksplisitt nemner klima i programmet sitt. Altså 4 av 9 parti. Ap, H og KrF nemner nokre klimatiltak.

I Fitjar nemner Sp og SV klima. Altså 2 av 7 parti. Fitjarlisto seier dei er mot global oppvarming, men nemner ingen klimatiltak.

I Tysnes er det berre MDG som nemner klima. V seier dei vil ha ein miljøretta kommunepolitikk.

I Bømlo nemner Ap, KrF, MDG, SV og V klima. Altså 5 av 10 parti. H vil satsa på grøn energi og transport.

I Kvinnherad har Ap, KrF, MDG, V og Raudt og SVs fellesliste stadfesta at dei vil arbeide med klima. Det utgjer  5 av 9 (Høgre er ikkje inkludert). KrF og Sp nemner nokre klimatiltak.

I Etne nemner Ap og Sp klima eksplisitt, altså 2 av 6 parti. H, KrF og V nemner fleire klimatiltak.

I Sveio nemner Ap, KrF, MDG og SV klima. Det utgjer 4 av 7 parti. V vil satsa på grøn energi. Frp har ikkje svara.

I Vindafjord er det berre Sp, SV og V som nemner klima, altså 3 av 8 parti. KrF vil satsa på miljøvenleg energi.

* Tala gjeld i kva grad partia brukar orda «klima» eller «klimaendringar». Fleire av partia har likevel miljø- og klimatiltak i programma, utan dei bruker akkurat desse orda og tala er difor berre nyttige som ein peikepinn.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE