Overhalla toppar med elbilar: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar på elbil

Overhalla kommune i Namdalen i Trøndelag hadde i 2017 under 4000 innbyggjarar og strekk seg over 730 kvadratkilometer. Dei er langt frå størst, men kan skilta med å vera Noregs beste elbilkommune.

70 prosent av alle kommunale bilar i Overhalla er elbilar.

– Utruleg gøy, og overraskande, seier ordførar Per Olav Tyldum (Sp) når Framtida.no presenterer tala for han.

På andreplass kjem Oslo.

– Eg seier berre: Hurra for Overhalla! Men her skulle me sjølvsagt gjerne hatt endå hardare konkurranse i tetsjiktet, seier byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg (MDG).

– Forferdeleg

Framtida.no har spurt alle Noregs kommunar om konkrete klimamål og -tiltak.

Halvparten av kommunane som har svart i undersøkinga seier dei vil bli lågutsleppskommunar innan 2050 eller seinare. Det er store forskjellar i klimamåla til kommunane, men alle dei fire største byane trur dei vil klara det innan ti år.

Av dei nær 200 kommunane som svara på undersøkinga til Framtida.no, er det 45 prosent av kommunane som ikkje har ein einaste elbil.

– Eg skal vera forsiktig med å seia kva andre kommunar skal gjera, men dette synest eg er forferdeleg og oppsiktsvekkande, seier ordføraren i distriktskommunen Overhalla.

Også Lan Marie Nguyen Berg er overraska.

– Dette er eit av dei enklaste klimatiltaka ein kommune kan gjennomføra, og det er personbilmodellar på marknaden som oppfyller dei fleste behov, seier Nguyen Berg til Framtida.no.

Byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, framfor ein konseptmodell av ein elektrisk brannbil. Foto: Oslo Brann- og redningsetat

Oslo har ambisjon om å gjera heile den kommunale bilparken elektrisk innan 2020.

– Det ser lovande ut for dei mindre køyretøya våre, medan det førebels
går noko treigare å elektrifisera varebilparken. Men no ser me eit rush av nye elektriske varebilmodellar, så eg forventar at me kjem langt med å fjerna våre fossile varebilar òg.

Kring 30 prosent av dei tyngste køyretøya til Oslo går på biogass frå matavfall og avløpsslam.

– Dette er ei glitrande miljøløysing, samtidig som det utnyttar avfallet som ressurs. Planen er også å konvertera resten av dei tyngre køyretøya og anleggsmaskinene frå fossilt drivstoff til berekraftig biodiesel innan utgangen av 2020, seier Lan Marie Nguyen Berg.

LES OGSÅ: Førarlause bilar kan ta vekk behovet for nye motorvegar

elbil

Christina Bu, generalsekretær i Norsk Elbilforening. Foto: Elbil.no

Utfordrar kommunestyra

Elbil-delen i kommune-Noreg er på vel åtte prosent, noko som er litt over det totale talet i Noreg. Men medan elbilar stod for over halvparten av nybil-salet i Noreg i 2018, heng kommunane etter.

Av dei kommunane som svarte på ei spørjeundersøking frå Framtida.no, er det over halvparten som ikkje har kjøpt eller leasa elbilar sidan 2017.

Christina Bu, generalsekretær i Norsk Elbilforening, rosar Overhalla og fleire andre kommunar som har kome langt.

– Men mange kommunar heng etter. Her handlar det om å gjera vedtak på politisk nivå, seier ho til Framtida.no, og legg til:

– Med den utviklinga som er no, er det kome bilar med lenger rekkevidde og fleire funksjonar, som til dømes el-varebilar, poengterer ho.

Populære bilar i heimetenestene

Overhalla fekk den første elbilen i 2011. I løpet av 2020 har trøndelagskommunen planar om å få heile den kommunale bilparken over på alternativ energi. Unntaket er utrykkingskøyretøy.

Asle Lydersen, personalsjef i Overhalla kommune fortel at elbilane fungerer bra.

– Dei har blitt spesielt populære blant dei tilsette i heimetenestene, fortel han.

Lenger rekkevidde og fleire ladepunkt i kommunen gjer at rekkeviddeangst er sjeldan. Kommunen har mellom anna gjeve tilskot til private bedrifter som har fått ladestasjonar.

Denne artikkelen er den andre om klimaundersøkinga til Framtida.no blant norske kommunar. I dei neste dagane kan du lesa fleire artiklar om dei 28 klimaspørsmåla me har stilt kommunane i Noreg.

LES OGSÅ: Fire gutar frå Nederland lurte på korleis det er å køyra ein lang tur med elbilar. Køyrer 6000 km med elbil til polarsirkelen

Frå venstre: Teun Broeren, Thom van Eijk, Benke Verhoef og Daniël van der Klooster skal på langtur frå Nederland til Bodø med elbil. Foto: privat

Her er kommunane med størst del kommunale elbilar:

  • Overhalla 70 %
  • Moss 57%
  • Oslo 57 %
  • Skedsmo 55 %
  • Vestvågøy 50 %
  • Bergen 45 %
  • Arendal 42 %
  • Trondheim 42 %
  • Ringebu 40 %
  • Roan 33 %
  • Stavanger 30 %
  • Stord 30 %
  • Strand 30 %