Frankrike vil fase ut fossilt drivstoff innan 2050
Frankrike kunngjorde tysdag ein plan for å fase ut fossilt drivstoff i løpet av dei neste 25 åra.
Etter planen skal landet slutte å bruke kol innan 2030, olje innan 2045 og gass innan 2050, skriv France 24.
Planen vart presentert på den globale konferansen i Colombia om å kutte avhengnaden av fossilt drivstoff.
Dette skal vere første gongen eit land har publisert ein klar og samanhengande plan, eit såkalla «vegkart», for å fase ut fossil energi.
Benoit Faraco, Frankrikes ambassadør for klimaforhandlingar, opplyste at planen også forpliktar landet til å fase ut produksjon av fossilt drivstoff, å elektrifisere sektorar som oppvarming og transport, og å bidra til å finansiere overgangen til fornybar energi i andre land.
Eit liknande forslag om eit globalt vegkart for å fase ut fossil energi vart blokkert under fjorårets klimatoppmøte i Brasil. Faraco sa at Frankrike bestemte seg for å halde fram på eiga hand.
Det var nettopp frustrasjon etter COP30 som førte til at konferansen, «International Conference on the Just Transition Away from Fossil Fuels», vart oppretta. Konferansen er arrangert utanfor FN-systemet, og Nederland er medarrangør saman med Colombia. Nærmare 60 land deltek, inkludert Noreg. Det er ikkje venta at landa vil inngå bindande avtalar.






