Berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav i anbod

Miljø skal som hovudregel vektast minst 30 prosent i offentlege anbod. Berre éin av fem kommunar set dette kravet, viser ei undersøking gjort av Framtida.no.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei stor klimaundersøking gjennomført av Framtida.no viser at det er store forskjellar kva tid kommunane trur dei vil bli lågutsleppskommunar.

Også når det gjeld anbod er det store forskjellar. Av dei 160 kommunane som har svara, er det berre ti kommunar som svarar at dei vektar miljø meir enn 30 prosent i anboda sine. 23 svarar at dei vektar miljø akkurat 30 prosent. Resten vektar miljø mindre enn 30 prosent, ifølgje undersøkinga som Framtida.no har sendt til alle kommunane i landet.

– Ikkje éin kommune har spurt om miljø

Selskapet Pipelife leverer avanserte røyrsystem for vegar og avløp, og har gjort store investeringar for å møta komande miljøkrav. Men administrerande direktør i Pipelife Kjell Larsen seier til Veier24 at ikkje éin einaste kommune har etterspurt Pipelife sin miljødokumentasjon for selskapet og produkta deira.

– Framleis går det heilt kynisk etter lågaste pris, seier han til nettstaden Veier24.

– Krevjande

– Difi har ingen høve til sanksjonera kommunane, opplyser Sarah Fossen Sinnathamby, seniorrådgjevar ved avdeling for offentlege anskaffingar ved Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) til Framtida.no.

Sinnathamby understrekar overfor Framtida.no at alle offentlege verksemder skal innretta innkjøpa sine slik at dei bidrar til å redusera skadeleg miljøpåverknad, og fremja klimavenlege løysingar der dette er relevant.

– Mitt inntrykk er at fleire innkjøparar ønskjer å bruka miljøkriterium, men at fleire synest det kan vera krevjande å finna gode kriterium som er eigna til å skilja tilboda frå kvarandre på ein måte som kan etterprøvast, seier Sarah Fossen Sinnathamby ved Difi til Framtida.no.

Foto: Ole-Christian Østreng, Aurskog-Høland kommune

Les også: 11 prosent av kommunane i Noreg har fått seg dei første solcellene på kommunale bygg. Fleire krav om plusshus er venta å setja fart på investeringane

Kan setja absolutte krav

– I mange samanhengar kan det vera meir fornuftig for ein oppdragsgjevar som ønsker ein konkret miljøeffekt å stilla eit absolutt krav til dette, for eksempel maksimum utsleppsverdi, framfor å premiera dette. Sjølv om eit miljøkriterium er vekta høgt, så vil ein låg pris ofte kunna trumfa høg miljøscore, poengterer Sarah Fossen Sinnathamby.

Difi har laga ein kriterievegvisar med krav, kriterium og kontraktsvilkår som innkjøparar kan bruka for å stilla krav til og premiera miljø og sosialt ansvar i innkjøpa sine innan transport og bygg. Men kriteria til anlegg som Pipelife etterlyser kjem først i starten på 2020.

Jonn Sannes Ramsvik er nestleiar i Klagenemndsekretariatet. Foto: Klagenemndsekretariatet

Manglar statistikk

Klagenemda for offentlege anskaffingar, KOFA, har ikkje statistikk som omfattar innklaga saker som omhandlar miljøkrava som blir sett i forskrifta for offentlege innkjøp.

– Så vidt eg kan hugsa har ikkje KOFA avgjort nokre saker der temaet har vore om § 7-9 er overhalden, seier Jonn Sannes Ramsvik til Framtida.no. Han er nestleiar i Klagenemndssekretariatet.

 

Les også om distriktskommunen Overhalla si unike satsing på elbilar: 

elbil

 

 

Her kan du sjå kva kommunane svarar sjølv i undersøkinga til Framtida.no:

Kva er namnet på kommunen du svarar for? I kor stor del er miljø vekta i anboda til kommunen?
Eide Meir enn 30 %
Hjartdal Meir enn 30 %
INDERØY Meir enn 30 %
Nærøy Meir enn 30 %
Utsira Meir enn 30 %
Vevelstad Meir enn 30 %
Våler i Ø Meir enn 30 %
Skien Meir enn 30 %
Bindal Meir enn 30 %
Porsgrunn Meir enn 30 %
Aurskog-Høland 30 %
Bardu 30 %
Bømlo 30 %
Froland 30 %
Fyresdal 30 %
Gjerdrum 30 %
Grimstad 30 %
Halden 30 %
Roan 30 %
Selje 30 %
Skaun 30 %
Ski 30 %
Tysver 30 %
Arendal 30 %
Elverum 30 %
Namdalseid 30 %
Ringebu 30 %
Åfjord 30 %
Eid 30 %
Hamarøy 30 %
Skiptvet 30 %
STJØRDAL 30 %
Tønsberg 30 %
Trondheim 30 %
Agdenes Under 30 %
Askim Under 30 %
Askøy Under 30 %
Austrheim Under 30 %
Bamble Under 30 %
Beiarn Under 30 %
Birkenes Under 30 %
bjerkreim Under 30 %
Bodø Under 30 %
Bremanger Under 30 %
Bygland Under 30 %
Dovre Under 30 %
Dønna Under 30 %
Eidfjord Under 30 %
Enebakk Under 30 %
Evenes Under 30 %
Fitjar Under 30 %
Fjell Under 30 %
Fredrikstad Under 30 %
frøya Under 30 %
Gausdal Under 30 %
Gjemnes Under 30 %
Gloppen Under 30 %
Gol Under 30 %
Grong Under 30 %
Hamarøy Under 30 %
Hammerfest Under 30 %
Harstad Under 30 %
Høyanger Under 30 %
Høylandet Under 30 %
Indre Fosen Under 30 %
Jølster Under 30 %
Karmøy Under 30 %
Kongsvinger Under 30 %
Kvinnherad Under 30 %
Kviteseid Under 30 %
Kvæfjord Under 30 %
Lavangen Under 30 %
Lebesby Under 30 %
lierne Under 30 %
Lillehammer Under 30 %
LILLESAND Under 30 %
Loppa Under 30 %
Lyngen Under 30 %
Masfjorden Under 30 %
Meråker Under 30 %
målselv Under 30 %
Narvik Under 30 %
Nes Under 30 %
Nesna Under 30 %
Nesset Under 30 %
Nord-Aurdal Under 30 %
Norddal Under 30 %
Oppdal Under 30 %
Osen Under 30 %
Rendalen Under 30 %
Rennebu Under 30 %
Ringerike Under 30 %
Risør Under 30 %
Røros Under 30 %
Salangen Under 30 %
Sauda Under 30 %
Sel Under 30 %
Selbu Under 30 %
Seljord Under 30 %
Sirdal Under 30 %
Skjervøy Under 30 %
Skånland Under 30 %
Smøla Under 30 %
Solund Under 30 %
Steinkjer Under 30 %
Stord Under 30 %
Stordal Under 30 %
Stor-Elvdal Under 30 %
Stryn Under 30 %
Suldal Under 30 %
Surnadal Under 30 %
Søndre Land Under 30 %
Sørfold Under 30 %
Sørum kommune Under 30 %
Sør-Varanger Under 30 %
Tana Under 30 %
Tokke Under 30 %
Tvedestrand Under 30 %
Ullensaker Under 30 %
Ullensvang herad Under 30 %
Ulstein Under 30 %
Vennesla Under 30 %
Verran Under 30 %
Vestre Slidre Under 30 %
Vestre Toten Under 30 %
Vikna Under 30 %
Vinje Under 30 %
Volda Under 30 %
voss Under 30 %
Vågå Under 30 %
Våler i Solør Under 30 %
Ørland Under 30 %
ørsta Under 30 %
Ål Under 30 %
Åseral Under 30 %
Farsund Under 30 %
Kragerø Under 30 %
Kristiansand Under 30 %
Os i Østerdalen Under 30 %
Sandefjord Under 30 %
Skedsmo Under 30 %
Songdalen Under 30 %
Tingvoll Under 30 %
Eidsvoll Under 30 %
Stavanger Under 30 %
Overhalla Under 30 %
Moss Under 30 %
Sandnes Under 30 %
Sveio Under 30 %
Hemsedal Under 30 %
Karasjok Under 30 %
Namsos Under 30 %
Sogndal Under 30 %
Strand Under 30 %
Vestvågøy Under 30 %
vik Under 30 %
Øyer Under 30 %
Stranda Under 30 %
Nore og Uvdal Under 30 %
Time Under 30 %

FAKTA: Dette seier Forskrift om offentlige anskaffelser:

  • 7-9.Minimering av miljøbelastning
  • Oppdragsgiveren skal legge vekt på å minimere miljøbelastningen og fremme klimavennlige løsninger ved sine anskaffelser og kan stille miljøkrav og kriterier i alle trinn av anskaffelsesprosessen der det er relevant og knyttet til leveransen. Der miljø brukes som tildelingskriterium, bør det som hovedregel vektes minimum 30 prosent.