Her blir det skulestreik for klimaet neste veke

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nye skuleåret har nettopp teke til, men allereie neste veke går elevar over heile landet ut i streik for klimaet.

Det er eitt år sidan Greta Thunberg første gong sat åleine framfor Riksdagen i Sverige og streika for klimaet. Det viste seg å vere starten på ei rørsle som framleis heilt koken over heile verda.

Fredag 30. august vert det nasjonal (og internasjonal) skulestreik – i Noreg med blikk mot det komande lokalvalet.

Skal du streika eller demonstrera 30.august?

Skal du streika eller demonstrera 30.august?

Ja36
Nei54
Veit ikkje7
Svar totalt: 97

 

Les også: Stortingskomité vil ikkje møte krava frå klimastreikarane

Streikar frå Kristiansand til Vadsø

Dette vert den tredje nasjonale skulestreiken så langt i år. Den første streiken 22. mars samla kring 40.000 elevar over heile landet, medan 7000 elevar tok til gatene også to månadar seinare, 24. mai. Samstundes har lokale initiativ gått føre seg i heile vår.

I ei pressemelding opplyser Natur og Ungdom om at det til no er registrert 14 planlagde streikar fredag 30. august, men miljøorganisasjonen reknar med at fleire sluttar seg til no når sommarferien er ved vegs ende.

Her kan du sjå kvar det førebels er planlagt streik i Noreg. Det vert også streik i 100 andre land i verda: 

Til no har dei streikande elevane ikkje fått gjennomslag for krava sine, og dei står difor fast på desse:

  • Inga leiting etter meir olje og gass. Skap nye klimavenlege jobbar i Noreg
  • Auk det norske klimamålet og kutt meir enn halvparten av norske utslepp innan 2030
  • Vis solidaritet med barn og unge i det globale sør som vert råka av klimaendringane vi er skuld i. Gje minst 65 milliardar årleg til klimatiltak og klimatilpassing
  • Erklær klimakrise og følg opp med tiltak

Då den førre nasjonale skulestreiken gjekk av stabelen i slutten av mai, sa statsminister Erna Solberg (H) at ho ikkje ville erklære klimakrise endå ho erkjende at den var reell.

Brøl for klimaet

Same dag som skulestreiken, går også Klimabrølet av stabelen. Då håpar arrangør Even Ryding, som kvar dag står på Løvebakken og brøler klimaoppfordringar til Stortinget, at 100.000 stemmer i for å vise politikarane at dei har fullmakt til å handle.

Til no har kring 15.000 meldt si interesse på Facebook eller sagt dei skal delta med sine brøl i Oslo.

Les også korleis dette panelet frå Arendalsveka trur vi kan innfri togradarsmålet: Vert det kollaps, Trump-diktatur eller næringslivet som løyser klimakrisa?

F.v. Sverre Thornes, Espen Barth Eide, Maria Moræus Hanssen, Hulda Holtvedt,
og Hans Petter Graver i diskusjon om korleis me vil greia togradarsmålet innan 2040 under Arendalsuka 2019. Moderator Svein Tore Bergestuen til høgre. Foto: Ingvild Eide Leirfall