Éin av ni kommunar har byrja med solenergi – ventar dramatisk solvekst

11 prosent av kommunane i Noreg har fått seg dei første solcellene på kommunale bygg, ifølgje ei ny undersøking utført av Framtida.no. Fleire krav om plusshus er venta å setja fart på investeringane.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Prisane på solenergi går stadig ned og potensiale for solenergi er stort også i Noreg, seier byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg (MDG).

Oslo har 17 kommunale bygg med solenergi, og Bergen har fem slike. På tredjeplass i Noreg kjem Overhalla med fire bygg med solenergi. Stavanger, Aurskog-Høland og Eidsvoll har to bygg med solenergi på taket.

Det viser tal frå 179 kommunar som har svara på ei undersøking Framtida.no har sendt ut til alle kommunar i Noreg. Undersøkinga viser at det er store forskjellar mellom kommunane.

Solenergi er viktig i overgangen til fornybarsamfunnet

Byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, får snart solceller på taket av Oslo Rådhus. Foto: OBRE

– Solenergi har openbart gått litt under radaren som løysing for mange kommunar, seier Lan Marie Nguyen Berg (MDG).

Ho trur det kan skuldast at me er har tilgang på rein vasskraft i Norge, og at mange derfor ikkje ser på solenergi som viktig.

– Det er likevel viktig å hugsa at når heile transportsektoren i Noreg går frå å vera fossil til fornybar, treng me eit fleksibelt energisystem med fleire fornybare energikjelder slik som solenergi. Solenergi kan også vera med å avlasta straumnettet. Det er viktig at me kommunar går foran, understrekar miljøbyråden i Oslo.

LES OGSÅ: – Solenergi er like effektivt i Noreg som i Tyskland

Ragnhild Bjelland-Hanley er dagleg leiar i Norsk solenergiforening. Foto: Solenergi.no

Ventar dramatisk vekst for sol

Dagleg leiar i Norsk Solenergiforening, Ragnhild Bjelland-Hanley, viser til at det er mykje som skjer i solenergimarknaden.

– Viss du gjer undersøkinga om eit par år, reknar eg med at det vil vera ein dramatisk vekst, seier ho til Framtida.no.

– Tidlegare var det ikkje så mykje kompetanse på solenergi i det offentlege, men dette er i ferd med å snu. Så hjelper det også å ha stadig fleire kommunar som kan kan fortelja om sine erfaringar, legg Bjelland-Hanley til.

Kva krav kommunane set til plusshus er òg med på å påverka. Plusshus er bygg som produserer meir straum enn dei bruker sjølv. Åtte kommunar seier at hovudregelen er at alle kommunale bygg skal vera plusshus. 45 kommunar svarar at det stemmer i nokon grad at dei no set krav til plusshus.

– Krav til plusshus gjer at mange kommunar må tenkja på solenergi, understrekar Ragnhild Bjelland-Hanley.

LES OGSÅ: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar på elbil

Overhalla barne- og ungdomsskole produserer meir straum enn han treng. 20 prosent av energien blir selt på nettet. Foto: Overhalla kommune

Utfordrar kvarandre på klima i Overhalla

Overhalla kommune har planar om å investera  i solcellepanel på den sørvende fasaden på administrasjonsbygget.

Kommunen med flest solcellepanel per kommunalt bygg, er truleg Overhalla i Namdalen i Trøndelag.

– Bygg- og anleggsbransjen er stor i Overhalla. Kommunen har utfordra bransjen, og saman har me fått til løysingar som ligg langt framme. Me er stolte av det me har fått til saman, seier ordførar Per Olav Tyldum.

Han vedgår at første solcellepanelet var dyrt. No fell prisane, samstundes som kvaliteten går opp.

– Men me tenkjer livsløp, og er sikre på at me vil spara inn investeringane over tid.

Internrenta for solcelleanlegg i dag er rekna å vera på fem prosent viss ein tar med forventa auke på straumpris og nettleige. Med ei garantert levetid på 25 år, er det med andre ord lønsamt å investera i solceller også i Noreg.

Ordføraren fortel at politikarane i kommunen har blitt utfordra av administrasjonen på fleire grøne satsingar.

– No har det byrja å gå andre vegen også, der det er politikarane som utfordrar administrasjonen på grøne tiltak.

Nye tal frå Multiconsult viser at solenergi har hatt ein eksplosiv vekst i Noreg i dei siste åra. Særleg er det privatmarknaden som tar av, ifølgje rådgjevingsselskapet.

Kjelde: Multiconsult

Bidrar med viktig læring

Aurskog-Høland kommune har hatt dei to solcelleanlegga sine i drift i over eitt år no. Eitt på taket av ein sjukeheim og eitt på fasaden av ein skule.

– Det har fungert meir eller mindre smertefritt. Nokre feilmeldingar i systemet, men leverandør har hjelpt oss og avklart det me har hatt spørsmål om. Ingen av anlegga har hatt nedetid som er noko å snakka om. Me ønsker å bruka data, spesielt i undervisningssamanheng, fortel miljørådgjevar Ole-Christian Østreng i Aurskog-Høland.

– Kor lang tid reknar kommunen med at det vil ta før investeringane i sol går i pluss?

– Det har vi ikkje rekna på i detalj. Aurskog-Høland kommune ønsker å læra, og gå føre som eit godt døme, seier han.

Det er relativt små solcelleanlegg Aurskog-Høland kommune har investert i.

– I denne satsinga er bedriftsøkonomi viktig, men me skal òg ha element av læring og samfunnsnytte med oss. I denne samanhengen meiner me at begge solcelleanlegga våre går i pluss, avsluttar Ole-Christian Østreng.

Eit fleirtal av dei 179 kommunane som svara, seier at dei set krav til alternativ til straum i nye utbyggingar. Tal i prosent.

Her er lista over kommunar som har solenergi på kommunale bygg:

Kommune Tal på kommunale bygg med solenergi
Oslo 17
Bergen 5
Overhalla 4
Stavanger 2
Eidsvoll 2
Aurskog-Høland

Arendal

2

1

Namdalseid 1
Kristiansand 1
Elverum 1
Sandefjord 1
Songdalen 1
Skien 1
Farsund 1
Åfjord 1
Skedsmo 1
Ringebu 1
Tingvoll 1
Kragerø 1
Os i Østerdalen 1

I tillegg har Sveio kommune opplyst at dei har eitt bygg under bygging som skal få solenergi. 179 kommunar har svart på undersøkinga. Viss du representerer ein kommune som ikkje har svart, eller har tips til oss: ta kontakt med svein @ framtida.no !