Forskarar tilrår kraftige kutt i forbruket av raudt kjøtt. Men blant norske kommunar er det under sju prosent som har innført vegetariske dagar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nesten ingen kommunar vil kutta i kjøttet: – Overraskande at dette ikkje søkk inn
Det har etter kvart blitt semje blant forskarar om at kjøttforbruket vårt må kraftig ned dersom ein skal nå klimamåla.
Framtida.no har tidlegare snakka med Carlo Aall ved Vestlandsforsking. Han kokte det ned slik: Det er ti gonger betre å ete fisk enn kjøtt, og det er hundre gonger betre å ete grønsaker enn kjøtt.
Dersom verda la om til eit vegansk kosthald (utan animalske produkt) i morgon, ville ein kunne frigjera 75 prosent av dagens jordbruksareal – og framleis brødfø verdas befolkning.
Dette er langt viktigare for miljøet enn både flyreiser og el-bilar. Alt dette konkluderte ei stor undersøking frå Oxford-universitetet med i fjor.
Men konklusjonen synest å ha gått norske kommunar hus forbi.
Under sju prosent tar grep
I vår sendte Framtida.no ut ei klimaundersøking til alle norske kommunar. Vi spurde blant anna om kommunane hadde innført vegetariske dagar i kommunale kantiner, og om dei hadde kutta forbruket av raudt kjøtt.
På begge spørsmåla var det positive svar frå berre 11 av i alt 200 kommunar.
Undersøkinga avslørte også store skilnadar i klimamåla til kommunane, og at berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrava frå staten ved anbod.
– Dette har stagnert litt. Vi tenkte vi skulle ta det opp igjen i 2020, fortel Karl Christian Langevoll, miljørådgivar i Grimstad kommune.
– Dette har stagnert litt
Grimstad er ein av dei elleve kommunane som oppgir å ha innført vegetariske dagar. Langevoll fortel at det aldri var ei fast ordning, men at ein eit par gonger i året forsøkte å gjera vegetarmat meir synleg, som eit ledd i sertifiseringa som miljøfyrtårn.
Moss kommune er éin av elleve kommunar som har redusert bruken av raudt kjøtt.
– Vi har gjort nokre enkle tiltak, som å redusere kjøttmengda i enkelte rettar og erstatta med grønsaker. Dette blei gjort i samband med eit «Berekraftige menyar»-prosjekt, skriv rådgivar Cecilie Kildahl i ein e-post til Framtida.no.
Ein anna kommune som har kutta i det raude kjøttet er Arendal. Sidan 2007 har kommunen har redusert utsleppa sine med nesten 80 prosent.
Politisk blindsone
I hovudstaden blei innføringa av kjøttfri måndag i 2016 møtt med motstand. Framstegspartiet ville heller ete lunsj utanfor kantina.
Samstundes tyder ein fersk rapport på at kjøtt slik me kjenner det er på full fart vekk.
– Mat er litt sånn blindsone politisk
– Er du overraska over at så få kommunar har begynt med vegetarmat?
– Mat er litt sånn blindsone politisk. Det er eit ikkje-tema, seier Sirin Stav.
Ho er bystyrepolitikar for Oslo MDG.
– Ein veit i dag veldig mykje om effektane av eit høgt kjøttforbruk. Slik sett er det overraskande at dette ikkje søkk inn.
Kjøttforbruket ei vane-greie
Oslo-byrådet oppmodar nå alle arrangement og partnarar til å servere vegetarmat, i samband med at byen er europeisk miljøhovudstad for 2019.
– Heilvegetarisk er ofte også allergivennleg, kosher og halal, seier Stav, som meiner vegetarmat nå langt på veg er normalisert, berre ikkje akkurat i Oslo bystyre.
– Men det er viktig at det er godt. Det er vanskeleg å få oppslutning for dette dersom kantina lagar dårleg vegetarmat.
Dei Grøne i Oslo har som mål å halvere kjøttforbruket. I Amsterdam er derimot vegetar den nye standarden, og ein må gi beskjed på førehand dersom ein vil ha kjøtt.
Stav ønskjer å fremma eit liknande forslag, sjølv om byrådsleiar Raymond Johansen har stilt seg meir avvisande.
– Vi er sosiale vesen. Det er slike enkle mekanismar som kan gjere at folk lar vere å ete kjøtt. For mange er kjøttforbruket ei vane-greie.
– I denne debatten snakkar ein ofte om fridom til å velje. Men fridom for kven? Nokre av oss er kjempeglade for å endeleg få éitt varmt måltid i veka, fortel Stav.
Les også: VG promoterer reiser til Japan, Amazonas og Antarktis: – Perverst, meiner MDG-profil