Reagerer på manglande miljøkrav i mange kommunar

Statssekretær Atle Hamar (V) reagerer på at ikkje fleire kommunar set miljøkrav i offentlege anbod.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljø skal som hovudregel vektast minst 30 prosent i offentlege anbod, ifølgje Forskrift for offentlige anskaffelser.

I ei klimaundersøking gjennomført av Framtida.no svarar berre éin av fem kommunar at dei vektar miljø minst 30 prosent. Berre ti av dei 163 kommunane som har svara vektar miljø over 30 prosent.

– Dette er ikkje bra nok. Me veit at det står igjen mykje før denne forskrifta blir praktisert slik det er meininga, skriv Atle Hamar i ein epost til Framtida.no. Han er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

– Bruk innkjøpsmakta

Kommunane har stor innkjøpsmakt, og Hamar vil oppfordra dei til å bruka makta si for å få fram miljøvennlege løysingar.

– Alle må bidra i den grøne omforminga av samfunnet. Grøne løysingar er etterspurt blant innbyggjarane, så her må kommunane følgje opp, understrekar han.

LES FLEIRE ARTIKLAR OM LOKAL KLIMARISIKO HER!

Lovar betre vegleiing og handlingsplan

Atle Hamar seier han er klar over at regelverket kan vera komplisert og at i mange kommunar er det eit fåtal sakshandsamarar som arbeidar med offentlige anbod.

– Me ser det difor som viktig å laga meir og betre rettleiing til dei offentlege innkjøparane. I Granavolden-erklæringa seier me mellom anna at me skal utarbeida ein handlingsplan for fleire klima- og miljøvenlege offentlege nyskaffingar og grøn innovasjon.

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for denne handlingsplanen.

– Me håpar og trur at dette arbeidet skal leia til at kommunar og andre offentlege organisasjonar blir flinkare til å setja gode miljøkrav i framtidige anbod.

Les meir: 11 prosent av kommunane i Noreg har fått seg dei første solcellene på taka sine. Fleire krav om plusshus er venta å setja fart på investeringane

Foto: Ole-Christian Østreng, Aurskog-Høland kommune