MDG-arar vil ha meir vern mot vindkraft

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjernen i saka er i kva grad klimaeffekten frå landbasert vindkraft, i form av fornybar energi, er verd betydelege kostnader i form av naturinngrep.

– Urørt natur er alt under press frå både kraftlinjer, hytter og snøscooterar. Når vi ser det høge konfliktnivået i desse utbyggingane, er det vanskeleg å sjå for seg at dette kan skalerast opp til eit volum som verkeleg kan monne i europeisk klimasamanheng, seier Erik Reitan frå Miljøpartiet Dei Grøne i Bergen.

Han har tatt initiativet til resolusjonen, som no er på høyring i partiorganisasjonen.

– Det er ikkje dermed sagt at landbasert vindkraft ikkje er ein del av klimaløysinga. Men her i Noreg bør det føregå i mindre skala, i område som alt er prega av industri eller langs motorvegar og liknande, seier han til NTB.

Les også meiningsinnlegget frå Ellinor Skartland i Noereh: – Vi treng ein betre og meir hensynsfull klimapolitikk. Ho åtvar mot storstilt vindkraftutbygging i Sør-Sápmi.

«Uopprettelege inngrep»

Reitan meiner det ligg eit stort potensial i solenergi, energisparing og effektivisering av vasskraft, og forslaget om å avgrense vindkraftutbygging har fått støtte frå MDGs lokallag i Bergen og Stavanger.

– Landbasert vindkraft vil akselerere nedbygginga av norsk natur, gjennom uopprettelege inngrep i form av anleggsvegar, bevegelege rotorblad som truar dyreliv, og at dei er synlege over avstandar opp mot 50 kilometer, heiter det i forslaget.

– Anlegga har såleis innverknad på inngrepsfri natur i omkringliggande område, med konsekvensar for reiseliv, friluftsliv og folkehelse, skriv forslagsstillarane vidare.

Les også intervjuet med den nyvalde leiaren i DNT ung: – Eg vil at mine barnebarn ein gong skal få oppleve gleda av urørt natur.

Betent diskusjon

Nettopp naturinngrepa gjer at debatten om vindkraft på land blæs friskt i mange lokalsamfunn. På Frøya i Trøndelag vart det allereie i 2013 gitt konsesjon til vindkraftutbygging, men 1. april klarte aksjonistar å stanse byggestarten. Samtidig har kommunestyret vedtatt stans av den planlagde utbygginga.

NVE peika i eit forslag nyleg på 13 område som direktoratet meiner eignar seg for utbygging av vindkraft på land.

– I NVEs nasjonale ramme har ein inkludert store naturområde, og nokre av dei ligg tett opp mot nasjonalparkar. Slike område er alt under press frå veg-, hytte- og industriutbygging, heiter det i MDG-forslaget.

Samtidig skriv Statnett i ein fersk rapport at fornybar energi kan erstatte all fossil energi i Noreg, føresett at det blir bygt ut meir vindkraft.

– Skal vi gjere det ved hjelp av vindkraft, må det byggast ut mykje vindkraft framover, sa Statnett-sjef Auke Lont til E24.

Les også innlegget til Magnus Kessel (17) om ein vinn-vind-situasjon: I Nordsjøen er det eit utruleg potensiale til å skape energi, med flytande vindmølleparkar som verken påverkar havet eller lufta.

Vil ha verneplan

I tillegg til å avgrense utbygginga av vindkraft på land, ønsker Reitan, som er vararepresentant for MDG i Bergen bystyre, at det skal utarbeidast ein verneplan for vindkraft tilsvarande verneplanen for vasskraft.

I tillegg ønsker Reitan at ansvaret for arealsaker blir tilbake flytta til Klima- og miljødepartementet, og at motsegnsstyresmakta til fylkesmennene i arealsaker blir styrkt.

Han ønsker òg styrkt satsing på offshore vindkraft, som olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) nyleg sa at det ikkje er marknad for å bygge ut i Noreg.

– At offshore vindkraft ikkje er økonomisk lønnsam akkurat i dag, er ikkje eit argument for manglande satsing, seier Reitan.

Les også saka om unge gründerar som tenker grønt: – Vi visste tidleg at vi ville gjere noko som var miljøorientert

Kristoffer Krogh Wetterhus, Lisa Maria Trichel Hanevold, Ane Solbakken-Melleby, Michelle Lous og Ingvild Farstad-Steine vil gjere det enklare for folk å ta miljøvenlege val sjølv om dei har hastverk når dei er i butikken. Foto: Bente Kjøllesdal