Vi kan framleis vere eit Lykkeland og samtidig vere klimabevisste

Magnus Kessel (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Magnus Kessel sitt innlegg er blant dei som fekk heider i Framtida.no sin skrivekonkurranse om klima.

Oljeindustrien har vore Norges største inntektskjelde i mange tiår. Den har gjeve oss velferd, godar og nye 4-felts motorvegar.

No veit vi godt at den ikkje varer for evig, og er det håp for å fortsette og hente inntekter i Nordsjøen og offshore-næringa?

Kor mykje kan du om klima? Prøv deg i vår store klima-kviss!

Ein kan lene seg godt tilbake og nyte godt av det svarte gullet som pumpast opp kvart einaste sekund. Dette er ein naturressurs som Noreg aldri kjøpte eller kriga for, men ein som vi rett og slett var heldige med. Desse tilfeldigheitene har gjort oss til eit av verdas rikaste land, sjølv om vi er blant verdas minste i befolkning.

Framleis, så forsvinn det altså 50 000 arbeidsplassar frå oljeindustrien i løpet av ein periode på tre år (2013-2016). Tyder dette på noko? Det kan diskuterast.

På petroleumsfag har studentane rømt. Søkjartala har sokke med 85 prosent i same periode som mange mista jobben. Og med pågåande klimaendringar, er dette eit klokt val av studentane.

Oljens stordomstid er forbi.

Oljens stordomstid er forbi, og innan nokre få tiår er det tomt for olje eller vi er nøydde til å stoppe produksjonen, kva gjer vi da?

Innan 2050 har Europa som mål å ha ein utsleppsfri straumproduksjon. Er det mogleg, når ein tredjedel av dagens straum er produsert av ureinsa kolkraft?

Ja, det finst håp, og det er nok av alternativ. Dei tre største fornybare energikjeldene er sol-, bølge- og vindkraft.

I Nordsjøen, der dagens plattformer ligg, er det middels mykje sol, ein god del bølger, men er det noko det er nok av, så er det vind. Og ikkje nok med det, det blæs heile døgnet! Eit utruleg potensiale til å skape energi, med flytande vindmølleparkar som verken påverkar havet eller lufta.

Slapp av. Ta deg ein Solo. Høyr nå her.

Ei anna side av denne saka, er dei 40 oljeriggane og plattformene som flyt rundt i Nordsjøen. Ifølge Stavanger Aftenblad vil det koste over 230 milliardar å hogge desse opp til skrapjern. Ein forferdeleg kostnad som dei kjem til å merke hardt i statens lommebok.

Og alle de 200 000 som jobbar i offshore-næringa, kva skal dei jobbe med? Slapp av. Ta deg ein solo. Høyr nå her.

Petroleumsingeniørar har allereie ei stor mengd kompetanse som dei kan få bruk for i offshore vind-utbygging. Vi har ikkje råd til at desse går arbeidsledige, så det er berre å få jobbane på plass. Vindmøller produserer grøn straum heile døgnet, og seljast til Europa, som kan oppnå målet om utsleppsfri straum.

Kompetansen, kapitalen og grunnen ligg der og ventar på oss

Kolkraft skaper også helseproblem i mange europeiske land, derfor er dette ein vinn-vind-situasjon.

Vi kan framleis vere eit Lykkeland og samtidig vere klimabevisste. No er moglegheita her, og vi treng å omstille oss for ei framtid der vi faktisk kan vere stolte av at vi bidrar med heilgrøn straum til heile Europa og ikkje minst vårt eige land.

Kompetansen, kapitalen og grunnen ligg der og ventar på oss. La oss gripe sjansen.

Les vinnarinnlegget «Klimaverstingen: Lukk auga, så er graset framleis grønt»

Les intervjuet med vinnaren Fridar Malmsten Steinkopf (17) her: – Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss.

Fridar Malmsten Steinkopf vann med innlegget «Lukk auga, så er graset framleis grønt». Foto: privat