Fleire unge gründerar tenker grønt: – Vi visste tidleg at vi ville gjere noko som var miljøorientert

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 24.04.2019 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tanken er at vi skal merke produkt som ikkje inneheld mikroplast, slik at det vert lettare for folk i butikken å sjå kva som er miljøvenleg.

Det fortel 18 år gamle Michelle Lous. Saman med fire klassekameratar ved Asker vidaregåande skule har ho starta ungdomsbedrifta Mikrofri UB.

Ungdomsbedrifta ynskjer å merke varer som ikkje inneheld mikroplast – på same måte som ein merker miljøvenlege produkt med Svanemerket. For sjølv etter å ha lese ingredienslister opp og ned i mente, er det vanskeleg å vete om eit produkt inneheld mikroplast eller ikkje.

Mikrofri UB kan skryte av å ta med heim førstepremien for berekraftige bedrifter under fylkesmessa i Akershus.

Viktig at det var miljøomsyn

Dette merket vil Mikrofri UB ha på produkt som ikkje inneheld mikroplast. Foto: Mikrofri UB

– Vi visste tidleg at vi ville gjere noko som var miljøorientert, fortel Lisa Maria Treichel Hanevold.

Men det var først då dei såg dokumentarserien Planet Plast på NRK at dei skjønte omfanget av mikroplast-problemet.

– Eg hadde ikkje høyrt at det var meir mikroplast i havet enn vanleg plast, så det vart ein augeopnar og vi tenkte: Dette må vi gjere noko med, forklarar Lisa.

Det er funne mikroplast i krepsdyr på verdas djupaste punkt, Marianegropa 11 000 meter under havnivå. Også menneske har mikroplast i kroppen, men framleis har ein ikkje oversikt over følgjene eller korleis det påverkar oss.

Les saka frå NUPI Skule for å få svar på dei fleste spørsmål om plast (og mikroplast!) i havet.

Kvardagsleg mikroplast

Sidan oppstarten i haust har Mikrofri UB starta eit samarbeid med den internasjonale kampanjen Beat the microbead, og er deira offisielle norske partner. Ungdomsbedrifta jobbar ut frå rapportar og oversikter for å avgjere kva produkt som har mikroplast i seg og ikkje, fortel Kristoffer Krogh Wetterhus.

– Var det nokre produkt som overraska dykk med mykje mikroplast?

– Tannkrem! svarer dei i kor, og småpratar litt om kor rart det er at vi puttar mikroplast i munnen kvar dag.

– Vi gjorde litt research og fann ut at produsentar puttar mikroplast i sjølve innhaldet for å gje det visse eigenskapar, og det var eg ikkje klar over, fortel Lisa, og legg til at ho trur mange er i same båt:

– Det er litt den responsen vi har fått til no: At folk seier «Oi, er det så mykje mikroplast i kvardagslege produkt?».

Elevane håpar merket kan gjere det mogeleg for forbrukarar å velje miljøvenleg i kvardagen, sjølv om du har dårleg tid på butikken, og såleis tvinge bedrifter til å halde opp med å bruke mikroplast i produkta sine.

Les også reportasjen om Maria (23) som lagar fuglar av plasten som tek livet av sjøfuglane. 

Ungdom tenker annleis

Grete Ingeborg Nykkelmo fortel at Ungt Entreprenørskap ser ei veksande interesse for berekraftige ungdomsbedrifter. Foto: Pressebilete

Med to år i stolen som administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap, kan Grete Ingeborg Nykkelmo fortelje at dei ser ein aukande tendens hjå ungdomsbedriftene: Stadig fleire tenker berekraftig.

– Ungdom tenker på ein annan måte – dei ser ikkje grenser på same måte som vaksne. Dei tenker berekraft og sirkulærøkonomi. Dei ser også lønnsemda økonomisk, og skal du etablere ei bedrift så må du det, seier Nykkelmo til Framtida.no.

FN sine berekraftsmål er på full fart inn i læreplanen. Ungt Entreprenørskap får tilbakemeldingar frå lærarar om at ungdomsbedrifter er ein god metode for å arbeide tverrfagleg med temaet.

– Ungdomane vel sitt eige tema og si eiga bedrift. Dei må ta stilling til, velje og vurdere berekrafta i sitt eige produkt og sin eigen produksjon. Dei arbeider med det over tid, og lærer kva som er viktig, fortel Nykkelmo.

Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise

Morgondagens berekraftige gründerar

Ungt Entreprenørskap har dei siste åra samarbeidd med Storebrand om berekraftig innhald for vidaregåande nivå. Representantar frå Storebrand deltek på lærarseminar over heile landet, og har også utvikla ei nettside og ei e-bok for lærarar og elevar.

– Vi håpar å lære elevane at framtida sine bedrifter må ha berekraft som ein integrert del av kjerneverksemda, som tyder at både økonomiske, sosiale og miljømessige konsekvensar må vurderast før beslutningar vert tekne.

Det skriv Karin Greve-Isdahl, konserndirektør for kommunikasjon, berekraft og næringspolitikk i Storebrand i ein epost til Framtida.no.

Karin Greve-Isdahl meiner næringslivet lyt spele ei avgjerande rolle om vi skal nå berekraftsmåla, og det er viktig å gjere ungdom merksame på at det finst eit hav av gode forretningsmogelegheiter innanfor berekraft. Foto: Lise Eide Risanger / Storebrand

Dei håpar å inspirere og dele erfaringar med ungdomsbedriftene, og gjere dei bevisste på at det går an å tene pengar også på berekraftige idear.

– Vi synest det er viktig å nå ut med berekraftsbodskapen vår til yngre målgrupper. Håpet er at vi kan bidra til å leie morgondagens gründerar i ei berekraftig retning, skriv Greve-Isdahl.

Sidan 2018 har Storebrand og Ungt Entreprenørskap delt ut Berekraftsprisen til ungdomsbedrifter som utmerkar seg med ein heilskapeleg bevisstheit kring berekraft: Frå idé via produksjon til ferdig produkt og transport.

Les også reportasjen om klimakommunen Arendal: – For å kome dit må ein bruke både pisk og gulrot.

Vil kutte ut problemet ved rota

Mikrofri UB veit at dei på slutten av skuleåret skal gå sine separate vegar, men håpar dei klarer etablere merket og skaffe det eit godt ry.

– Mikroplast er eit stort problem, og vi meiner vi har ei god løysing. Det vi ynskjer er at produsentar skal slutte å lage produkt med mikroplast. Dersom Mikrofri-merking vert ein realitet så kuttar det ut problemet ved rota, fortel Lisa.

Forretningsideen er såleis også eit folkeopplysingsprosjekt.

– Det er viktig for oss å formidle skaden av mikroplast, slik at folk vert meir merksame på skadane det påfører miljøet, seier Ingvild Farstad-Steine.

– Det vi ynskjer er å starte ei rørsle, å opplyse om mikroplast, slår Kristoffer fast.

Kristoffer Krogh Wetterhus, Lisa Maria Treichel Hanevold, Ane Solbakken-Melleby, Michelle Lous og Ingvild Farstad-Steine vil gjere det enklare for folk å ta miljøvenlege val sjølv om dei har hastverk når dei er i butikken. Foto: Bente Kjøllesdal