Den nye DNT ung-leiaren: – Vil at mine barnebarn skal få oppleve gleda av urørt natur

Framtida
Publisert
Oppdatert 08.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om DNT ung aldri har tvilt på at klimaendringane skjer, og at dei skjer alt for fort, så meiner vi at vi må kunne ha to tankar i hovudet på ein gong, skriv påtroppande leiar Markus Malmin i ein epost til Framtida.no.

– Det grøne skiftet krev utvikling, og utvikling kjem ikkje gratis, difor krev vi at det vert løyvd meir middel til forsking på fornybare energikjelder som ikkje øydelegg naturen.

Han meiner resolusjonen «Ta vare på naturen i klimakampen!» var det viktigaste vedtaket som vart gjort på landsmøtet i Meråker.

Les også om dei rykande ferske regnbogeluene frå DNT ung, som òg planlegg singeltreff for skeive!

Eit friluftsliv frå beremeisen av

For den nyvalde leiaren har friluftsliv vore ein viktig del av livet heilt sidan han sat i beremeis på ryggen til faren.

– Fram til tenåra drog eg mykje på tur med familie og venar av familien, men så var det ikkje så fett lenger og eg enda opp med å dra på tur åleine. Det var berre ein av kompisane mine som faktisk var med på tur, så eg vart frelst då eg var på min første DNT ung-tur og møtte fleire tital ungdomar med same interesse.

Då Malmin var 16 år flytta han heimanfrå for å gå på friluftslivsfag ved Knut Hamsun vidaregåande skule i Nordland, noko han ikkje angrar på:

– Det må vere ei av dei beste avgjerslene eg har teke. Naturen er ein fristad for meg, ein stad kor eg både kan slappe av, utfordre meg sjølv og ikkje minst kose meg med gode venar.

Les også intervjuet med Nellie (23), som er så entusiastisk for mose at det smitta også BBC! 

Viktigare enn nokon gong

20-åringen meiner DNT ung er viktigare enn nokon gong tidlegare og peikar mellom anna på at friluftsliv har ei positiv effekt på både psykisk- og fysisk helse.

– Mange barn som veks opp i dag er vane til at mykje av aktiviteten dei driv med er organisert, og vi kan vere med på å leie dei ut. Uansett om turen gjev deltakarane ei god oppleving frå naturen med eit avbrekk frå kvardagen, eller bidreg til at dei kan dra på tur utan oss neste gong, så vil eg seie at vi har gjort noko riktig. DNT ung er også eit godt tilbod for alle som ikkje finn sin plass i idretten.

– Kva er dei viktigaste sakene for DNT Ung anno 2019?

– DNT ung skal fortsetje å arbeide aktivt med inkludering, fortsetje å oppfordre til å dempe utstyrsjaget i friluftslivet, og vi skal jobbe vidare for å sikre urørt natur for framtida, samstundes som vi skal gjere det vi kan for å stoppe klimaendringane.

– Kva er dine hjartesaker?

– At alle skal få oppleve naturen: I dag, i morgon og for alltid.

Les også om Villmarksterapi: – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke. Det trur eg ikkje vi skal undervurdere.

Det er plass til alle i naturen

Malmin skal leie landsstyret dei to neste åra med sikte på det landsmøtet har vedteke at DNT ung skal arbeide med.

– Saman skal vi vise fleire ungdomar at det er plass til alle i naturen. Samstundes skal vi jobbe for at også komande generasjonar har tilgong til urørt natur. Vi skal seie tydeleg ifrå når vi er ueinige og vi skal aldri gje opp! skriv Malmin.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Det er så utruleg fint å kunne jobbe med å hjelpe folk med å kome seg ut på tur, og så er eg veldig glad i å gjere ting som faktisk har ein påverknad på folk sine liv.

Gleda av urørt natur

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Vi må stå på saman, vi må vere seriøse og ikkje la nokon trakke på oss. Politikarane bør heller ikkje undervurdere at dagens barn og ungdom for kvart år kjem nærmare stemmeurnene.

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er grønt, med god kollektivtransport der folk bur og ut til turområda. Vindturbinar vert sette opp til havs, alle dei eksisterande vasskraftverka er oppgraderte for optimal utnytting og solceller vert plasserte hensiktsmessig på hustak og andre stadar som ikkje inneber naturinngrep, skriv Malmin, og legg til:

– Eg vil at mine barnebarn ein gong skal få oppleve gleda av urørt natur.

Les også om Line som har budd i båt sidan ho var 19 år: – Som å vere på ferie kvar dag.

Fakta om Markus Malmin

  • Frå: Eg har vakse opp i Hurum, men etter at eg flytta til Nordland har eg vore litt «wannabe» nordlending.
  • Alder: 20
  • Yrke/utdanning: Studerer journalistikk ved Høgskulen i Volda
  • Favorittfag på skulen: Friluftsliv aktiv, eit av faga eg hadde då eg gjekk Friluftslivsfag. Inneheld blant anna mykje klatring og padling.
  • Ulike verv: Eg har vore innom litt av kvart, frå nestleiar i Natur og ungdom Hamarøy til troppstillitsvald i Forsvaret.
  • Kva gjer du i fritida/hobby: Foto, klatring, padling og generelt friluftsliv.