Framtida til samisk ungdom blir sett på spel i byte mot pengar og status

Ellinor Skartland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh meiner at Den norske stat gjennom mellom anna ratifisering av ILO 169 og Grunnlovens §108 har forpliktingar til å ta vare på kulturen og levesettet til urfolk både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom dagens politikk blir ikkje dette oppfylt overfor samane, eller andre urfolk.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utforma eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Dei skal ha tatt omsyn til samisk reindrift og derfor, trass i gode produksjonsforhold i Nord-Noreg, hovudsakleg utpeikte område i Sør-Noreg.

Publiseringsdatoen, 1.april, tatt i betraktning, kan ein vel seia at dette var ein dårleg spøk. Store delar av Sør-Sápmi, inkludert reinbeitedistrikt, er nemleg peikt ut.

Splittar

Det blir kalla ei fagleg utgreiing og ikkje ein utbyggingsplan. Likevel, av erfaring, er det nesten allmenn kunnskap at slike utgreiingar ofte opnar for høve til ein potensiell utføring av prosjektet. Det å gjennomføra eit slikt prosjekt er ein utaktisk, for ikkje å snakka om dum, ting å gjera. Å forventa at ein skal kunna utvinne vindkraft utan først å ha forhøyrt seg med dei lokale, er som å tru at ein skal få fisk utan å ha festa kroken til fiskesnøret.

Å forventa at ein skal kunna utvinne vindkraft utan først å ha forhøyrt seg med dei lokale, er som å tru at ein skal få fisk utan å ha festa kroken til fiskesnøret.

Ellinor Skartland er vara-styremedlem i Noereh. Foto: privat

Når ein kjempar saka til naturen blir ein (overraskande ofte) møtt med ein retorikk som gjer at ein må presisera at «Nei, eg meiner ikkje at det ikkje bør utvinnast energi». Det blir presisert til dei store selskapa og politikarane, men òg til venner og familie. Slike saker, som omhandlar naturen, er oss som regel nære hjartet, langt inni sjela. Det handlar om pengar, arbeidsplassar og det gode livet, men samtidig òg om livsgrunnlag, tradisjonar og ei berekraftig framtid. På grunn av desse ytterpunkta blir det skapt splittingar i bygder, familiar og vennegrupper.

Energi og natur blir sette opp mot kvarandre

Energi og natur er begge avgrensa ressursar og dessverre, sidan dei konkurrerer om dei same areala, er det nettopp desse to som blir sette opp mot kvarandre. Ein ser potensiale til vinning, men ein forstår kanskje ikkje verdien til naturen før ein, ein dag, ikkje har den lengre. Det er viktig å hugsa at det er ansvaret vårt å ta vare på naturen. Naturen er nemleg framtida vår og utruleg viktig å verdsetja.

Det er viktig å hugsa at det er ansvaret vårt å ta vare på naturen. Naturen er nemleg framtida vår og utruleg viktig å verdsetja.

I all tid har vi samar levd i symbiose med naturen og aldri tatt meir frå naturen enn kva vi treng, for ikkje å snakka om kva den toler. Menneske er ikkje høgare oppe på nokon som helst rangstige, men på ei absolutt lik linje. Det er ansvaret vårt å produsera grøn energi, og sørga for å unngå eit uforsvarleg overbruk. Det vil vera svært tragisk om det blir sett i gang fleire prosjekt som overkøyrer naturen, lokalbefolkninga og rettigheitar.

Vi treng ein betre og meir hensynsfull klimapolitikk

Samisk ungdom, som all annan ungdom, skal ta over ein dag. Slik politikken ser ut i dag, verker det som at ein kjem til å måtta finna på noko anna. Når naturen blir trua i byte mot pengar og status, er det framtida vår som blir sett på spel. For å unngå at investorane står igjen som skuldige for å ha finansiert gravene våre, må det til fordel for alle, eit tydeleg medvit og vilje til for å ta vare på naturen.

Når naturen blir trua i byte mot pengar og status, er det framtida vår som blir sett på spel.

Det handlar om ein kamp som vi ikkje toler å tapa, og derfor kjem vi til å protestera mot truslane og øydeleggingane. Vi treng ein betre og meir hensynsfull klimapolitikk. Ein ting som er sikkert er at uansett kor i Sápmi arealinngrep finn stad, går det utover alle. Derfor blir alle oppfordra til å bli med, seia ifrå og kjempa for framtida vår!