Ny regjeringsplattform: – Elendig klimapolitikk og urettferdig abortendring

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny regjeringsplattform: – Elendig klimapolitikk og urettferdig abortendring

Tobias Drevland Lund i Raud Ungdom sukkar over den nye plattforma.

– Kva synest du om den nye regjeringsplattforma?

– Nei, kva trur du? Hehe. Den lyder bra for landets rikaste og dårleg for landets kvinner og dårlegare stilte, svarar han.

Les også: Dette har H, Frp, V og KrF vorte einige om

Høgare klimamål, men meir olje

Ein offensiv klimapolitikk vert trekt fram som ei av dei store satsingane i den nye regjeringsplatforma. Regjeringa vil kutte 45 prosent av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor før 2030. Samtidig vil dei halde fram med å leite etter olje.

Opposisjonspartia har ikkje mange godord å kome med når klima vert nemnd, og meiner det manglar mykje på at Norge skal nå klimamåla.

– Alle rapportar er heilt klare på at me må gjere noko med olje- og gassnæringa, men denne regjeringa gjev næringa frie tøyler, seier leiar i AUF, Ina Rangønes Libak.

– Når oljelobbyen seier «hopp», svarar regjeringa med «kor høgt?»

Det seier Andreas Sjalg Unneland i Sosialistisk Ungdom. Det er bra at klimamåla har vorte auka, men det vert for mykje snakk og for få reelle tiltak, meiner Teodor Bruu i Grøn Ungdom.

– Det er eit tidsaspekt ved klimautfordringane: For kvart år ein ikkje får ein langt betre politikk enn året før, jo dårlegare vert det. Dei vidarefører berre ei forverring.

Les også: Natur og Ungdom om regjeringsplattformen: – Ikkje verd papiret den er skriven på

Sterk kritikk mot abortendringar

Hausten har vore prega av mange harde debattar kring abort. KrF ønskte å endre paragraf 2c, som opnar for seinabort om fosteret er alvorleg sjukt. 2c-paragrafen vert ståande som før, men regjeringspartia vil fjerne den såkalla «tvillingparagrafen». Det betyr at det ein ikkje lenger kan abortere éin av to friske tvillingar, og at kvinner som ønsker fosterreduksjon må møte i nemnd.

– Eg vil seie at KrF har segla under falsk segl. Dette handlar jo tydelegvis ikkje om sorteringssamfunnet slik dei har påstått, men om å innskrenke kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp. Det er dei tydelegvis veldig nøgde med, seier Unneland (SU).

Raud Ungdom varslar sterk motstand mot endringane.

– Ropstad og Solberg bør glede seg til 8. mars: Då skal dei få sjå tidenes mønstring, seier Drevland Lund (R).

AUF-leiar Libak synest heller ikkje KrF har noko å skryte av.

– Dei bruker den historiske moglegheiten sin til å få gjennom endringar på å gjere det vanskelegare for ei handfull menneske, i staden for å gjere landet betre for mange.

Les også: Meiningar: Frp sitt abort-spel

Auka forskjellar og meir sentralisering

Og det er ikkje berre klima og abortendringar som får gjennomgå.

– Eg saknar ei regjering som gjer noko med endringane ein ser i både geografisk og sosialt, seier leiar i Senterungdommen, Ada Arnstad.

At sentraliseringa ser ut til å halde fram i distrikspolitikken og jordbrukspolitikken, har ikkje senterungdommen noko til overs for.

– Ein ser også ei auke i avgifter og senkte skattar, noko som er urettferdig, seier Arnstad.

Unneland i Sosialistisk ungdom er einig:

– Det er ganske tydelege at dette er ein Høgre- og Frp-regjering, og ein kan knapt merke at Venstre og KrF har hatt noko påverknad. Dette er nok ei regjering for dei som har aller mest frå før av.

Les også: Leiar i Oppland Senterungdom: – Eg er ikkje til pynt på fylkestinglista, om det er det du trur

Kva ville ungdomspartia gjort om dei sjølv sat i regjering?

Ungdomspartileiarane har mykje kritikk å kome med og lite positivt å trekkje fram. Tobias Lund i Raud Ungdom veit derimot godt kva dei ville gjort om dei sjølv sat i regjering.

– Vi hadde først og fremst teke sikte på å legge om til eit anna økonomisk system som var i balanse med jorda si toleevne, seier han, og påpeikar også at Raudt no er større enn både KrF og Venstre på meiningsmålingane.

Grøn Ungdom hadde vore villig til å inngå mange kompromiss for å få gjennom god klimapolitikk.

– Klimapolitikken er grunnlaget for all anna politikk i tiåra som kjem, seier Bruu (GU).

Ungdomspolitkarane frå opposisjonspartia seier den nye regjeringsplatforma gjev ekstra motivasjon til å jobbe vidare for sine hjartesaker.

– Eg trur det kan bli to dystre år, men me får bruke frustrasjonen til å mobilisere, avsluttar Unneland (SU).

Les også: Unge Venstre har mista meir enn éin av fire medlemmar på eitt år