Natur og Ungdom om regjeringsplattforma: – Ikkje verd papiret den er skriven på

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi hadde forventa at alvoret i miljøproblema gjorde inntrykk på desse partia, men denne plattforma er framleis ansvarsfråskriving frå Regjeringa og KrF. Det er heilt hårreisande at sjølv om miljøproblema hastar meir og meir, så aukar ikkje partia innsatsen, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord, i ei pressemelding.

Ingen reduksjon i løyver til utvinning av olje

Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ein aksjon mot gruvedrift. Foto: Thor Due Natur og Ungdom

Miljøorganisasjonen hadde høge forventningar om at den ferdige regjeringsplattforma skulle syne større vilje til forpliktande klimatiltak, men er skuffa over at den ikkje inneheld reduksjon i løyver til oljeutvinning eller endringar av skattefordelar i olja.

– Med stadig meir oljeboring sviktar partia naturen og dei unge. Denne plattforma er ikkje verd papiret den er skriven på, seier leiaren.

Natur og Ungdom viser også til at regjeringa i fjor delte ut 83 nye løyver for å vinne ut olje på norsk sokkel. Det er ny rekord, for andre året på rad.

– Det er ei skandale at plattforma ikkje gjer endringar i dagens fullstendig uansvarlege oljepolitikk. FN sitt klimapanel seier at for å avgrense oppvarminga til 1,5 grad må olje- og gassforbruket gå kraftig ned. Vi burde hatt ein plan for avvikling av oljeutvinninga for lengst, i staden gjev denne regjeringa oss meir av det som har skapt klimakrisa med framleis full gass for oljeboring. Det er ei katastrofe, seier Eiterjord.

– No går dei god for dei største miljøskandalane i nyare tid

Natur og Ungdom reagerer også på at dei planlagde gruveprosjekta i Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjord i Finnmark får halde fram. Både Venstre og KrF har tidlegare gått imot desse prosjekta, og det var også eit viktig krav frå KrFU og Unge Venstre.

– Dersom Høgre og Frp vil halde fram med å regjere i ei fleirtalsregjering, bør dei lytte til dette kravet, sa Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre, til VG i slutten av november.

Saman med KrFU-leiar Martine Tønnessen kravde han at ein ny regjeringsplattform skulle sørgje for ei avgift på gruveslam og eit forbod mot dumping av gruveavfall i norske fjordar. Dette kravet fekk dei ikkje gjennomslag for i regjeringsplattforma.

– Dumping av avfall i sjøen er å gå baklengs inn i framtida. Vi kan ikkje skjønne at KrF og Venstre støttar ei regjering som vil rasere fjordane våre med gruveslam. No går dei god for dei største miljøskandalane i nyare tid. Noreg er eit av fem land i heile verda kor gruveindustrien får lov til å dumpe avfallet sitt i havet, seier Gaute Eiterjord.

Les også: Ungdomsparti vil ha ny utgreiing av fjorddeponi