KrF sitt abort-spel

Kenneth Lyng Karlsen, Gruppeleiar i Etne Frp
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det var viktig å være tydeleg på dette spørsmålet før KrF tok sitt retningsval på landsmøte sitt. Nå er det like viktig for oss å vere tydeleg etterpå. For i Frp er me klare på at dagens abortlov bør stå fast.

Det er uaktuelt for oss å støtte innstrammingar i abortlova. Saka eignar seg rett og slett ikkje i politisk spel i det heile tatt.

 I Frp er me klare på at dagens abortlov bør stå fast

Eg synest heller ikkje noko om at abortlova er blitt eit forhandlingskort!

Krf sitt forslag handlar om å fjerne retten til å avslutte eit svangerskap der fosteret t.d. har alvorlege sjukdomar og fare for omfattande funksjonshemmingar.

Heilt grunnleggjande er det at familiane sjølv avgjer kva val dei skal ta i desse tøffe og vanskelege vurderingane. Det må vere foreldra sjølv som må få ta dette valet ut frå sin eigen situasjon.

Abortspørsmål som dette er i seg sjølv ueigna som ein del av regjeringsforhandlingane. Dagens abortlov som vart vedteke av Stortinget 30. mai 1978 er nå 40 år gammal, og eg kan ikkje sjå at me skal feira eit slik jubile ved å redusera kvinners rett over sin eiga kropp. Det er å gå baklengs inn i framtida!

Det er å gå baklengs inn i framtida!

Eg har full tillit til at partileiaren min, Siv Jensen, skal fremje partiet sitt syn på dette i sonderingane og forhandlingane med KrF.

Avslutningsvis vil eg seie at abortspørsmålet uansett er ein typisk sak der representantane i Frp står heilt fritt til å røysta ut frå eiga samvit.

Les også: Kroppen min er ikkje til forhandling