Dette har H, Frp, V og KrF vorte einige om
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei borgarlege partia ønsker å fjerne moglegheita for fosterreduksjon ved friske fleirlingar før grensa for sjølvbestemt abort, men beheld paragraf 2c. Dette er ein del av ein handlingsplan for å redusere uønskte graviditetar.
Regjeringa ønsker å utvide opningstidene på Vinmonopolet på laurdagar med éin time, slik at salet varer frå 10.00 til 16.00.
Regjeringspartia vil at talet på kvoteflyktningar blir redusert om det kjem mange asylsøkarar. Eit tak på talet på kvoteflyktningar er sett til 3.000.
Flyktningar som reiser tilbake på heimlandet på ferie, ønsker regjeringa skal få karantene på familiegjenforeining.
Regjeringa varslar at dei vil jobbe vidare for å nå NATO-forpliktinga om å komme opp mot 2 prosent BNP på forsvar innan 2024.
Firepartiregjeringa har sett eit mål om 45 prosent klimakutt i ikkje kvotepliktig sektor innan 2030.
Pensjonsalderen i staten blir heva til 72 år, ønsker fleirpartiregjeringa. I tillegg ønsker dei at talet på tilsette i statsforvaltinga skal vere lågare i 2021 enn i 2017. Kommunereforma vil regjeringa vidareføre. Kommunereforma skal vidareførast og regionreforma skal gjennomførast, noko som skal føre til at det totalt vil bli færre heiltidspolitikarar.
Regjeringa vil at talet på lærarspesialistar skal aukast med 3.000 innan fire år.
Det skal innførast éin ekstra realfagstime i veka, og obligatorisk engelsk på VG2 og VG3, heiter det i regjeringsplattforma.
Regjeringa vil «senke det totale skatte- og avgiftsnivået». Mellom anna vil dei forbetre skattesystemet ved å redusere skattesatsar og gjennomgå skattefrådrag «som har lita tilknyting til inntekt og arbeid med sikte på forenkling».
Dei ønsker òg å fjerne eingongsavgift for bilar over 20 år.
Frp sin taxfree-siger frå 2014 som KrF reverserte før jul, blir likevel behalden. Dette inneber at tobakkvoten kan bytast inn i alkohol.
Regjeringa vil innføre frådrag på bompengeutgifter. Dei vil òg redusere bompengedelen i nye vegprosjekt i kommande nasjonal transportplan.