Unge Venstre har mista meir enn éin av fire medlemmar på eitt år

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har mista meir enn éin av fire medlemmar på eitt år

Ikkje sidan 2010 har medlemstalet til Unge Venstre vore så lågt som det var ved utgangen av 2018. Ungdomspartiet hadde 1054 betalande medlemmar i 2018, ein nedgang på 383.

– Det er veldig trist at me har ein nedgang i talet på medlemmar. Me er førebudd på å auka medlemstalet og fortelja om det me har fått til etter eitt år i regjering.

– Må bli flinkare til å snakka sigrane

– Kva tenkjer du om at nedgangen skjer i eit år der Venstre går inn i regjering med Høgre og Frp?

– Det kan jo henda at det er utslagsgjevande. Eg veit at det for mange i Unge Venstre var vanskeleg å gå inn i regjering med Frp. Me må bli endå flinkare til å fortelja om kva me har fått til i regjering. Klimagassutsleppa går ned, og me tar no i mot fleire kvoteflyktningar enn då dei raudgrøne styrte.

LES OGSÅ: Unge Venstre vil avskaffa juridisk kjønn

Kan stemma mot regjeringsplattforma

Regjeringsplattforma er no ferdig forhandla, og litt over klokka 14 i dag, torsdag, vil Unge Venstre-leiaren få lesa plattforma. Ifølgje NRK skal KrF ha fått til ei innstramming i abortlova når det gjeld fosterreduksjon, også kalla tvillingabort – ei endring som vil omfatta under ti abortar i året.

På Politisk Kvarter torsdag morgon sa Hansmark at viss dette stemmer så vil han stemma mot regjeringsplattforma. Han er éin av 38 tillitsvalde i Venstre som skal stemma over regjeringsplattforma.

– Retten til sjølvbestemt abort er veldig viktig for Venstre. Eg har no snakka med vel ti personar i Venstre som seier abortsspørsmålet er viktig når dei skal stemma over regjeringsplattforma.

– Er det sånn at den store reduksjonen i medlemstalet set eit ekstra press på å få til resultat i den nye regjeringsplattforma?

– Det ville hjelpt. Men eg synest òg me har fått til mykje i regjering allereie. Me må bli flinkare til å visa dette, og snakka om visjonen vår og korleis me hadde styrt viss me hadde styrt Noreg åleine. Eg trur mange Unge Venstre-folk er opptatt av ideologi og dei store spørsmåla. I dag går det litt tapt i dag-til-dag-politikken.

LES OGSÅ: Dette skuffa og gledde Unge Venstre-leiaren mest i 2018

Abort-utspel gav rekordtilstrøyming for AUF

Ingen av dei andre ungdomspartia til regjeringspartia har klare medlemstala sine enno.

Det største ungdomspartiet, AUF, har heller ikkje klar tala for 2018, men politisk rådgjevar Eirin Kristin Kjær skriv dette i ein epost til Framtida.no:

– Med ei rekordtilstrøyming etter at høgreregjeringa og KrF gjekk til angrep på abortlova i desember ser me at stadig fleire unge vil vera med i AUF, og forventar ein markant framgang frå i fjor.

Medlemstal i Unge Venstre

2018: 1054
2017: 1437
2016: 1415
2015: 1581
2013: 1496
2012: 1684
2011: 1608
2010: 1018