Framleis lågt fråvær i vidaregåande skule

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 29.08.2018 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire elevar er til stades på skulen, og færre droppar ut undervegs. Fleire får karakter i faga, og delen elevar som ikkje får karakter, har gått ned for andre året på rad. Dette gir meir og betre læring for elevane, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Dei førebelse fråværstala frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2017–18 viser at fråværet har endra seg lite frå skuleåret 2016-17, som var det første året etter innføringa av fråværsgrensa. Talet på dagar fråvær er tre, det same som i førre skuleår. Før innføringa av fråværsgrensa låg dagsfråværet på rundt fem dagar.

Timefråværet har hatt ein liten auke på éin time frå skuleåret 2016–17 til 2017–18 (frå 9 til 10 timar). Tala viser at timefråværet har gått noko opp på Vg2 og Vg3, mens det på Vg1 er likt som førre skuleår.

Samla sett har fråværet gått ned med om lag 40 prosent etter at fråværsgrensa blei innført hausten 2016.

Les også: Blir sjuke av fråværsgrensa

Minst på yrkesfag

Timefråværet på yrkesfag er lågare enn på studieførebuande. Elevar på yrkesfag har tre dagar og 8 timar fråvær, mens elevar på studieførebuande har tre dagar og 11 timar. Denne forskjellen har auka noko sidan førre skuleår.

– Vi veit at det er ein samanheng mellom det å ha lite fråvær på skulen og å få tilbod om læreplass. Derfor er det både bra og viktig at utviklinga er positiv på yrkesfaglege utdanningsprogram, seier Sanner.

Tala viser vidare at elevane med det høgste fråværet no har 25 prosent lågare dagsfråvær enn før fråværsgrensa blei innført. Over 33.000 elevar har 0 dagar fråvær.

– Vi vil halde fram med å følgje utviklinga tett, særleg når det gjeld utsette elevgrupper og ulik praksis som kan føre til at elevane blir behandla ulikt. Den andre delrapporten om fråværsgrensa kjem seinare i haust. Sluttrapporten kjem i 2019, seier statsråden.

Les også: Står fast på motstanden mot fråværsgrensa

Fleire får karakterar

Delen elevar som ikkje får karakter fordi dei har overskride fråværsgrensa eller manglar vurderingsgrunnlag i eitt eller fleire fag, har samla sett gått ned. Frå 3,2 prosent skuleåret 2016–17 til 3 prosent førre skuleår. Det er også ein nedgang i delen som får karakteren 1, som svarar til stryk.

Sjølv om det på nasjonalt nivå er nedgang i delen elevar som ikkje får karakter, er det skilnadar mellom fylka. I Telemark og Finnmark har delen gått mest ned, mens den har gått noko opp i Oslo og Vest-Agder.

Les også: Lærarar fuskar med fråværet for å hjelpa elevar