– Uakseptabelt, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.
NPK-NTB
NPK-NTB

Trass i nedgangen i skulefråvær, er mange lærarar kritiske til fråværsordninga som blei innført i fjor. Ifølgje Klassekampen har lærarar ved fleire høve justert elevfråvær for å redde dei frå å miste vurderingsgrunnlag.

Anne Finborud, leiar i Skolenes landsforbund, seier at ho kjenner til slike tilfelle, men at ho ikkje veit kor utbreitt det er.

Vil hindre fråfall

– Slik eg har forstått det, er dette særleg aktuelt når læraren fryktar at manglande vurdering vil føre til at eleven mister motivasjonen for heile skuleløpet og dermed vil falle heilt ut av skulen, seier ho.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad (H) kallar underrapprtering av fråvær for sabotasje. Foto: Marte Garmann

Finborud forstår dei som tar det valet, men oppfordrar ikkje til det. Ho legg til at det ofte er lærarar og rektorar som blir einige om å ikkje føre opp fråvær.

– Uakseptabelt

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet seier at dei ikkje er kjent med ei slik problemstilling, men at dette er heilt uakseptabelt.

– Rektorar som saboterer stortingsvedtak sviktar ansvaret sitt og bør følgjast opp deretter. Det er ikkje opp til kvar enkelt å velje å følgje dei reglane ein sjølv likar. Det burde Finborud forstå, seier han.

Oppdatert: måndag 10. juli 2017 09.24

LES OGSÅ

ANNONSE