Står fast på motstanden mot fråværsgrensa

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går kom nyheita om at fråværet i den vidaregåande skulen har falle med 40 prosent etter at fråværsgrensa blei innført skuleåret 2016/2017. Målt i timar har fråværet gått ned med ein tredel.

Stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (Høgre) meiner debatten om fråværsgrensa no kan avsluttast. Foto: Stortinget

Det har fått Høgre-politikar Peter Christian Frølich til å slå fast at slaget om fråværsgrensa er vunne i ein kronikk i Bergens Tidende. «Noen elever har hatt godt av et spark bak», skriv stortingsrepresentanten.

I motsett ende av den politiske skalaen skriv avisa Klassekampen på leiarplass at ei eventuell raudgrøn regjering bør la fråværsgrensa stå etter valet i haust.

Anna Sofie Ekeland Valvatne, ungdomskandidat for Hordaland SV og nyleg avgangselev ved Stord vidaregåande skule, var initiativtakar til den nasjonale elevstreiken mot fråværsgrensa våren 2016. Ho har ikkje endra meining etter å ha sett tala som regjeringa slo seg på brystet for i går.

– Slår skeivt ut

– Me visste på førehand at fråværet kom til å gå ned. Men elevane vert skremte til å gå på skulen når dei er sjuke. Tala for ikkje-vurdering og fråfall er så utruleg små, 0,1 og 0,2 prosent, at me ikkje kan seia om det har med fråværsgrensa å gjera eller ikkje, seier Valvatne.

Ho meiner difor resultata ikkje er gode nok grunnar til å halde fram med fråværsgrensa, fordi ho fører til stress og lite motiverte elevar.

– I tillegg meiner eg at ho slår skeivt ut etter kva type elev du er. Elevar som bur på hybel har gjerne lege i heimkommunen, og difor ikkje høve til å skaffe seg legemelding.

– Korleis har det slått ut på din skule?

– Det har ikkje slått veldig bra ut, for å seia det sånn. To personar har droppa ut i klassen min, og endå fleire i parallellklassen. Éin fekk ikkje ta eksamen, fordi han hadde for mykje fråvær i det faget han vart trekt i.

– Arrogant

– Høgre-politikar Peter Christian Frølich skriv i Bergens Tidende at dette viser at ungdom trong eit spark bak. Kva synest du om det?

– Det synest eg er veldig arrogant. Eg vert faktisk sur av at folk kan tru at ungdom er late skulkarar. Det elevar treng er motivasjon, støtte og fridom. Ein burde heller gje oss fleire helsesøstre, skulepsykologar, fleksitid eller varmmat, seier Valvatne, som har grunngitt motstanden sin mot fråværsgrensa i fleire lesarinnlegg.

Ho og SV går til val på å fjerna det nye regelverket, som blei vedtatt i Stortinget med støtte frå Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Også Elevorganisasjonen (EO) står fast på si motstand mot det nye regelverket.

– Det er ikkje ei overrasking at fråværet går ned når ein piskar elevane til skulebenken slik regjeringa har gjort, seier EO-leiar Rahman Chaudhry til VG, og legg til at ein må ta tak i dei underliggjande problema heller enn symptoma som er dokumentert i fråværsstatistikken.

Chaudhry snakkar i dag ut i ein video på Facebook: