Elevane meiner læreplanen må slankast endå meir

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Læreplanen må slankast endå meir

Mindre teori i ei rekke fag, færre kompetansemål for å få tid til å gå i djupna, samt ei meir utforskande og sansande tilnærming til læring. Dette er noko av kjernen i dei nye læreplanane.

Elevorganisasjonen er stort sett nøgd, og ser fram til ein skule med meir tid til å utforske ulike læringsmåtar.

– Ein elev som trur ho ikkje er god i matte, kan få ei livsendrande oppleving av å jobbe med matte i ein sløydtime. Arbeidsgruppa for kunst og handverk har også kalla prosjektet sitt for «tilbake til verkstaden». Det synest eg er kult, og det seier noko om kva retning skulen er på veg inn i, seier Chaudhry.

Leiaren i Elevorganisasjonen fortel om ein god prosess, der elevane kjenner seg høyrde av både departement og læreplanforfattarar. Vidare inkludering har også vore eit hovudkrav frå elevane si side.

– Elevane skal inkluderast i utforminga av undervisninga i alle klasserom i Norge. Det har ein ikkje hatt tid til, fordi det har vore for mykje å gå gjennom. No som vi får slanka læreplanane, blir det større rom for elevane til å fortelje korleis dei lærer best. Det er alfa og omega for djupnelæring.

Skikkeleg slankekur

Siste høyringsrunde er nettopp opna, og det er mogleg å komme med innspel fram til 17. april. Chaudhry lovar at Elevorganisasjonen har meir å komme med.

– Eg kan vere litt brutal og seie at ein kanskje ikkje har prioritert hardt nok. Framleis trur eg det er mogleg å slanke inn og prioritere det aller viktigaste.

Rahman Chaudhry er leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Magnus Jellestad Hundvin

– Kva skal ut?

– Planane kom i går, så det er vanskeleg å seie nøyaktig kva vi vil spele inn.

Saka kjem opp på Elevtinget neste veke.

– Noregs Mållag reagerer på at det blir kutta i grammatikkundervisninga?

– Eg forstår at særinteresser reagerer, men vi må prioritere for å skape verdas beste skule. Slik er det berre.

Menneske mot maskin

«Dette skulle vi brukt meir tid på, men vi har ikkje tid fordi vi må gjennom kompetansemåla før eksamen». Det er ei setning Chaudhry vil ha ut av norsk skule. Pugging og mange kompetansemål står i vegen for å lære det vi verkeleg treng, meiner han.

– Skal vi konkurrere med datamaskiner, må vi lære det berre vi menneske kan, vi må gå i djupna.

For Chaudhry handlar dette om å sjå alt ein lærer i samanheng. I framlegget er det tre nye tverrfaglege tema som skal gjennomsyre faga. Chaudhry meiner at temaa demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling, og folkehelse og livsmeistring, er grunnleggande for å forstå verda slik ho er i dag.

– Risikerer ein ikkje at elevane lærer veldig forskjellige ting rundt om i landet, når læreplanane flyttar fokus frå innhald til meir overordna læring?

– Det er ein god ting at vi går vekk frå å vere statiske. Vi treng ikkje kunne alle årstala for å vite kvifor den franske revolusjonen var viktig. Det er viktigare å kunne sette han i samanheng og forstå konsekvensane av han.

– Men om elevar i Oslo lærer om den franske revolusjonen medan elevar i Bergen lærer om den russiske, kva skjer då med det felles verdsbildet?

– Eg trur ikkje det viktigaste er å vite alt om verken den franske eller russiske revolusjonen, men å forstå kvifor styresett i historisk kontekst har falle på grunn av manglande demokratisk innflytelse for borgarane. Puggefakta kan alle søke seg til, men vi må lære å sjå dei store linjene.

No er det berre tida og vegen igjen før læreplanane skal vere tatt i bruk i 2020.

– Det er ambisiøst å erstatte alle læreplanane på eit par år, men vi er glade for at det går raskt og er forsiktige optimistar, avsluttar Chaudhry.

BLI MED PÅ SKRIVEKONKURRANSE OM FRAMTIDA FOR SKULEN!

Nye læreplanar

  • Fram til 17. april kan du komme med innspel til arbeidet med dei nye læreplanane. Dette er siste moglegheit for å seie kva som er dei viktigaste prioriteringane, og du kan komme med dine innspel her.
  • Utdanningsdirektoratet ber denne gongen særleg om hjelp til å prioritere kva som skal vere det viktigaste i faga, det vil seie kjerneelementa.
  • Kjerneelementa er sentrale omgrep, metodar, tenkemåtar, kunnskapsområde og uttrykksformer.
  • Kjerneelementa er ikkje sjølve læreplanen, men eit førearbeid som skal legge grunnlag for utvikling av læreplanen i det kommande skuleåret.