Vil ha mindre idrett, norrønt og religionshistorie i norsk skule

Mindre søkjelys på idrett i gymmen og langt mindre teori i kunst og handverk og musikk er blant forslaga til nye og slankare skulefag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 07.03.2018 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eldre litteraturhistorie, norrøne språk, rettslære, elektrolyse, dei indre kreftene i jorda, musikkteori, ernæringslære, kunsthistorie og forbrukarrettar. Det er nokre av ei rekkje tema som faggrupper meiner norske skulebarn med hell kan læra mindre om framover.

Gruppene har hatt som mandat å kutta i faga for å gje rom for meir djupnelæring og forståing. No kjem forslaga til kva dei meiner bør vera kjerneelementa i kvart fag, det vil seia det viktigaste i faget, og kva dei meiner kan prioriterast ned eller kuttast ut.

Utdanningsdirektoratet (Udir) ventar debatt og reaksjonar.

Seniorrådgjevar i Udir Dag Johannes Sunde forventar reaksjonar. Foto: Udir

– Vi ventar at enkelte vil sakna ting som er tekne ut, men det er nødvendig å prioritera for å få tid til å læra det viktigaste. Vi ønskjer ein debatt om vi har gjort dei prioriteringane som er nødvendige for å leggja til rette for djupnelæring, seier seniorrådgjevar i Udir Dag Johannes Sunde til NTB.

DEBATT: Kva skjedde med læregleda?

2.800 innspel

Det var det regjeringsutnemnde Ludvigsen-utvalet som i 2015 ordinerte kraftig slanking av skulefaga. Faga i den norske skolen er tyngde av stofftrengsel og gir barna ei for overflatisk læring, var diagnosen. Direktoratet sette i gang arbeidet hausten 2016 og oppretta eigne faggrupper for kvart fag. I tillegg til mandat om å kutte fekk arbeidsgruppene i oppdrag å bake tre nye tverrfaglege tema inn i alle fag: Demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring.

Gruppene har delt sine skisser på nett og bedt om innspel undervegs. Totalt 2.800 innspel har komme inn, skyhøgt over det normale talet på høyringsinnspel til direktoratet.

Sunde seier det store engasjementet er forståeleg sidan fornyinga rører ved kvar enkelt lærar og korleis han eller ho skal legge opp undervisninga i klasserommet, og alle skular og skuleeigarar i landet.

LES OGSÅ: Fleirtal for éin time fysisk aktivitet kvar dag

Vil fjerne teori

Musikk, kunst og handverk og kroppsøving er blant faga der det blir foreslått store endringar.

I både musikk og kunst og handverk blir fokuset på teori tona kraftig ned for å gi elevane meir tid til praktisk utfalding.

– I musikk skal elevane få meir tid til å spele og lage musikk, og musikkprogrammering kjem inn som eit viktig tema. I kunst og handverk ønsker ein at elevane skal bruke hendene meir og jobbe meir med materialar og verktøy, seier Sunde.

I kroppsøving foreslår gruppa å gjere faget mindre idrettsretta, slik at det blir eit fag der ikkje berre dei idrettsaktive elevane trivst. Det blir foreslått meir vekt på rørsleaktivitetar og leik, og at innsats skal telje meir enn om ein spring fort eller er god i ballsport.

Også naturfag og mat og helse blir foreslått gjort til meir praktiske fag med meir vekt på høvesvis utforsking av naturen og praktisk matlaging.

– Har ikkje plass til meir

Samfunnsfaget er det faget der flest enkelttema blir foreslått kutta heilt, blant dei rettslære, forbrukarrettar, personleg økonomi, jordas indre krefter og bedriftsøkonomi.

I KRLE foreslår faggruppa å gå vekk frå å strukturere faget etter dei store religionane og heller diskutere dei ulike religionane knytt til ulike kjernetema i faget. Historiedelen ved religionane bør også nedprioriterast til fordel for eit samtidsfokus, blir det foreslått.

Tradisjonell litteratur- og kulturkunnskap blir foreslått tona ned i språkfaga.

Utkasta blir no lagt ut på udir.no, med frist for å gi tilbakemelding innan 17. april. Sunde presiserer at det ikkje er mykje rom for å foreslå fleire ting inn.

– Alle vil ha ting inn, men vårt mandat er å kutte noko ut og vi har meir enn nok inne som det er.

Til hausten startar arbeidet med å utarbeide nye læreplanar. Dei nytrimma faga skal etter planen innførast hausten 2020.

Dette er det foreslåtte endringane

Faga i norsk skule skal fornyast og slankast for å gi rom til meir djupnelæring. Dette er dei viktigaste endringane som blir foreslått i kvart fag:

Norsk:

* Nedprioritere delar av det kulturhistoriske stoffet, som norrønt språk, eldre språk- og litteraturhistorie

* Meir vekt på at elevane skal utvikle utforskande ferdigheiter og digital dømmekraft

* Omgrepet «kreativ tekst» er fjerna for å understreke at kreativitet kan vere ein del av alle teksttypar eller sjangrar.

Samisk som førstespråk:

* Meir vekt på at elevane skal få utvikle utforskande ferdigheiter.

* Tydelegare at opplæringa skal ta utgangspunkt i ei digital framtid. Elevane skal lære å bruke digital språk- og kommunikasjonsteknologi.

* Kultur-, samfunns- og tradisjonsdelen av faget er ikkje eit eige kjerneelement, men integrert i fleire av kjerneelementa så elevane skal sette kulturdelen inn i ein større samanheng.

* I samisk som andrespråk er kultur,- samfunns- og tradisjonsdelen av faget noko redusert.

Matematikk:

* Algebra har fått større plass og skal saman med tal og talforståing vere grunnmuren i faget.

Elevar på Hundsund ungdomsskole i Bærum programmerar eigne legorobotar. Programmering blir no foreslått innført som verktøy i matte. FOTO: Kunnskapsdepartementet

* Større fokus på arbeidsmetodane i faget

* Programmering blir innført som eit verktøy i faget

* Ingen enkeltemne blir tekne heilt ut, men faget er omorganisert for å styrke forståinga til elevane.

* Det er tydelegare prioritert når i løpet elevane skal jobbe med dei ulike områda.

KRLE:

* Gå vekk frå å strukturere faget etter dei fem store religionane

* Faget skal strukturerast tematisk med vekt på å utforske og forstå

* Historiedelen ved religionane blir nedprioritert til fordel for eit samtidsfokus

* Filosofihistorie er nedprioritert til fordel for undring og filosofisk og etisk refleksjon.

Naturfag:

* Meir vekt på at naturfag skal vere eit praktisk fag

* Elevane skal i større grad utforske og oppleve naturen og lære gjennom eksperimentering og opplevingar.

* Programmering er tatt inn

* Meir fokus på samanheng og djupnelæring, mindre på detaljar.

Engelsk:

* Tradisjonell litteratur- og kulturkunnskap blir tona ned til fordel for interkulturell kompetanse

* Meir vekt på engelsk som arbeidsspråk

* Meir vekt på bruk av teknologi

Kunst og handverk:

* Eit meir praktisk og mindre teoritungt fag enn før

* Faget er tydelegare på at elevane skal lære eit handverk

* Fokuset på kunsthistorie er fjerna. Større vekt på at elevane skal få arbeide med materialar og verktøy

Musikk:

* Musikkhistorie er tona kraftig ned for at elevane skal få meir tid til å utøve, lage og oppleve musikk

* Musikkprogrammering blir løfta fram. Elevane skal lære grunnleggjande musikkteknologi for å kunne skape og uttrykkje musikk

Kroppsøving:

* Eit mindre idrettsretta fag enn før.

* Meir vekt på rørsleaktivitetar og rørsleglede som kan motivere til ein aktiv livsstil livet ut

* Auka fokus på kroppsleg læring, leik og øving

* Meir vekt på uteaktivitetar og naturferdsel

Mat og helse:

* Eit meir praktisk fag med vekt på å lage mat

* Legge betre til rette for skaparglede og utforskartrong

* Mindre vekt på teoretisk ernæringslære og forbrukarlære

Samfunnsfag:

* Geografi, historie og samfunnskunnskap vil ikkje bli vidareført som eigne hovudområde, men som integrerte delar

* Meir vekt på metodar og tenkjemåtar, ikkje berre kunnskap

* Fjernar temaa rettslære, forbrukarrettar, personleg økonomi*, jordas indre krefter og bedriftsøkonomi.

(*Personleg økonomi er foreslått flytta til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring)

* I geografi blir tema som ikkje tar utgangspunkt i skjeringspunktet mellom natur og samfunn, nedprioriterte.

(Kjelde: Utdanningsdirektoratet )

(©NPK)

Skrivekonkurranse for ungdom: Sei meininga di om framtida for skulen!