Skrivekonkurranse om skulen for framtida

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Akkurat no jobbar lærarar og byråkratar med å utforma framtidas læreplanar. Målet er å gjera skulen meir relevant for framtida. Faga skal få meir relevant innhald, tydelegare prioriteringar og samanhengen mellom faga skal bli betre.

Me i Framtida.no og Magasinett håpar du som er elev i vidaregåande eller ungdomsskulen vil skriva meininga di om korleis skulen kan bli betre!

Tips til kva du kan skriva om:

  • Korleis er drøymeskuledagen din?
  • Kva bør skulen undervisa meir og mindre i?
  • Korleis trur du ein vanleg skolekvardag ser ut om ti år?
  • Korleis vil ny teknologi som robotar endra det ein treng å læra om i skulen?
  • Korleis kan ein bruka ny teknologi i undervisinga?
  • Korleis kan ein betra opplæringa i nynorsk i skulen, anten som hovudmål eller som sidemål?

Grunngi meiningane dine, og bruk gjerne døme!

Sjanger: Debattartikkel, lesarbrev, kåseri eller petit

Lengde: Maks 4000 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: 2000 kroner.

Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Målform: Nynorsk

Innleveringsfrist: 23. mars

Teksten din kan du senda inn til magasinett@gmail.com

Fint om du oppgjev alder og skule du går på! Skrivekonkurransen er open for alle under 20 år.

Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!

Dei beste tekstane vil bli publisert på Framtida.no og Magasinett!