Grøssar av eigen skrekkfilm

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har faktisk aldri likt å sjå grøssarfilmar. Og det var til tider dritskummelt å spela inn vår eigen, seier Nora Stien (17) og Tamara Helland (17) til Sunnhordland.no.

Dei to elevane på media- og kommunikasjon VG2 gjekk til topps då dei beste skrekkfilmskaparane blei kåra ved opninga av Stord skrekkfilmfestival tysdag kveld.

Sjå filmen nedst i saka!

Tung jury
Filmen handlar om ein jentegjeng som mobbar og plagar ein ung gut, og som stel dokka hans. Etter at det har gått nokre år, så dukkar det brått opp ein pakke på døra til éi av jentene – oppi pakken ligg dokka – og herifrå stig spenninga.

– Dokkebruk i skrekkfilmar er eit motiv som har røter heilt tilbake til 30-talet. Nora og Tamara skal ha ros for arbeidet sitt, seier Christer Berge Andresen i juryen.

Han er den einaste i Noreg som har skrive doktorgradavhandling om skrekkfilmar. Han sat i juryen for konkurransen saman med regissør for Villmark I og II, Pål Øie og Reinert Kiil, mannen bak «Huset».

Samarbeid
Andreplassen i konkurransen gjekk til Daniel Solberg (20), Anna Cecilie Tofte (18), Aud Klara Kongsvik (18) og Solveig Eriksen (17), for filmen «Limbo, limbo». Dette er ein psykologisk thriller, der lydbildet spelar ei viktig rolle for å få fram den skumle effekten.

– Veldig gøy å få ein pris, spesielt sidan me mista storyboardet vårt, og måtte nesten improvisera heile filmen, smiler hovudrolleinnehavar Daniel Solberg til Sunnhordland.no.

Kortskrekk-konkurransen for ungdom er eit samarbeid mellom Stord vidaregåande, Stord filmklubb og Framtida.no.

QUIZ: Kva veit du om skrekkfilm? Test deg sjølv her!