Ingrid Halstensen får Kringkastingsprisen

Journalisten får prisen for dialektbruk i TV 2 sporten.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– For ei ære, eg blei ordentleg teke på senga, seier programleiaren til sin arbeidsgjevar TV 2. 

Kringkastingsprisen blir delt ut av Kringkastingsringen kvart år. Prisen går til ei røyst som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

I år går Kringkastingsprisen til mangeårig sportsjournalist i TV 2, Ingrid Halstensen frå Austevoll i Hordaland.

37-åringen har vore i TV 2 Sport i 15 år og kan i tillegg til Kringkastingsprisen skilte med gullrutenominasjon for beste programleiar.

Juryen peikar på at prisvinnaren er høgt verdsett for eit dialektnært språk med tydeleg nynorsk klang.

Kringkastingsringen skriv at det dialektnære og fargerike språket hennar gjer sportssendingane endå meir levande, og det gode humøret smittar over på både
sjåarar og kollegaer.

Prisvinnaren vart overraska på arbeidsplassen med eit diplom og eit kunstverk laga av biletkunstnaren Erlend Wiggen Bliksrud.

– Det er ein pris eg set veldig stor pris på, eg er veldig glad i bygda mi, så å få anerkjenning for dialekta eg har og arbeidet eg gjer er stort, seier ho til TV 2.