Målungdommen: – Naudvarselet bryt lova

Norsk Målungdom meiner staten bryt språklova når dei sender testvarsel utelukkande på bokmål.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Saka blir oppdatert.

– Dette varselet skal vere landsomfemnande, men testen me fekk i dag ekskluderer over 600 000 språkbrukarar, skriv Sebastian Natvik i ei pressemelding.

Leiaren av Norsk Målungdom reagerer på at det er fjerde gongen nordmenn får test av naudvarsel på mobilen berre på bokmål, og ikkje på nynorsk.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) testar varslingssystemet sitt to gonger i året for å sikre at det fungerer. Klokka 12 ulte difor dei fleste mobilar i Noreg, og denne meldinga dukka opp:

Meiner DSB bryt språklova

Naudvarselet har kome på nynorsk éin av fem gongar mobilvarslinga har blitt testa.

Natvik meiner staten bryt språklova. Han peikar på at lova omfattar både politiet, sivilforsvaret og DSB, som har ansvaret for naudvarsling i Noreg.

– Det er direkte flautt at etter fem forsøk med naudvarsel er det ingen av dei tre statlege etatane som tek ansvar for å følgje lova, seier Natvik.

Målungdomsleiaren har forståing for at ein i reelle naudstilfelle ikkje alltid kan rekne med at språklova blir følgd til punkt og prikke.

– Men når ein skal teste systemet for femte gongen med ei standardisert melding finst det få unnskyldningar.

Praktiske omsyn

Framtida.no har spurt DSB kvifor naudvarselet berre vart sendt på bokmål og om dei har teke omsyn til språklova.

Dei svarar det same som dei svarte då Framtida.no skreiv om naudvarsel i januar. Naudvarsel blir sendt ut som to meldingar – éi på norsk og éi på engelsk.

– I den norske meldinga testa vi denne gongen berre med tekst på éi målform: bokmål, uttalar DSB via pressetenesta.

Dei forklarar det med praktiske omsyn og med at dei vil teste systemet slik det normalt blir brukt. Under ei reell hending kan operasjonsleiar teknisk sett sende naudvarsel på fleire målformer og språk. Det er opp til avsendar å avgjere om varsel skal sendast på fleire målformer ved hendingar i område der det kan vere relevant. Det avheng spesielt om ein har relevant språkkompetanse tilgjengeleg.

Direktoratet peikar på avgrensingar i antal teikn som ei utfordring for å få med fleire målformer. Dei testa med tekst på både bokmål og nynorsk i varslingsprøven i januar 2024.

– Basert på tilbakemeldingar frå befolkninga i samband med testar og bruk av Naudvarsel ser vi også at det å ha fleire språk i éi meldingstekst kan føre til forvirring, skriv DSB.

Dei svarar ikkje på Framtida.no sitt spørsmål om kor vidt dei har teke omsyn til språklova.

Språkrådet: – Må følgje språklova

Framtida.no har spurt Språkrådet om bruk av berre éi målform i naudvarsel er brot på språklova. Dei viser til eit tidlegare svar på eit spørsmål dei fekk om naudvarsel i samband med ekstremvêret Hans. Varselet vart sendt ut berre på bokmål, og gjaldt delar av Sør-Noreg.

– Etter språklova må eit naudvarsel reknast som eit allment tilgjengeleg dokument. Statsorgana er omfatta av språklova, og dei må følgje språklova når dei sender ut naudvarsel, svarar Språkrådet.

Om dokumentet er retta mot eit geografisk avgrensa område, skal statsorganet bruke det språket som er fleirtalsspråk i dette geografiske området.

Språkrådet skriv vidare at uvêr og andre farar er noko vi alltid må vere førebudde på. Utforming av tekst til naudvarsel er ein del av førebuinga.

– Når statsorgana lagar standardtekstar om til dømes skred eller uvêr, bør dei skrive dei på både bokmål og nynorsk, slik at dei har tekstane klare når det blir aktuelt å sende ut naudvarsel, tilrår Språkrådet.

I det konkrete dømet med ekstremvêret Hans, peikar Språkrådet på at statsorgana hadde hatt tid til å skrive teksten på nynorsk, då det var varsla fleire dagar på førehand. Dei hadde òg  teke seg tid til å skrive på engelsk og tysk.

Språkrådet meiner statsorgana bør lage ei oversikt over geografiske område med fleirtalsspråk og ha standardtekstane klare.