Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Tips til kva du kan skriva om:
- kva rett har barn og ungdom til å møta språket sitt i kvardagen? Og kva ansvar har samfunnet for å ta vare på språkkulturen i Noreg?
- kor viktig kan språket vera for demokratiet, og i kva grad bør demokratiet sikra språkkulturen og rettane til mindretalet?
- korleis kan ein betra opplæringa i nynorsk i skulen, anten som hovudmål eller som sidemål?
- skriv eit kåseri eller et essay om norsk språkhistorie fram til 2050.
Grunngi meiningane dine!
Sjanger: Debattartikkel, lesarbrev, kåseri eller petit
Lengde: Maks 4000 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 2000 kroner.
Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Målform: Nynorsk
Innleveringsfrist: 15. desember
Teksten din kan du senda inn til moc.l1611304342iamg@1611304342tteni1611304342sagam1611304342!
Fint om du oppgjev alder og skule du går på! Skrivekonkurransen er open for alle under 20 år.
Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!