Ungdomsorganisasjonar fryktar skulehelse-pengar forsvinn til asfalt og eldre

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar skulehelse-pengar forsvinn til asfalt

– Eg er redd generasjonskontrakten kan bli svekt. Ungdom treng hjelp i ei sårbar fase av livet, sier Rahman Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen (EO).

Han er ein av fleire som reagerer på at regjeringa ikkje føreslår meir i øyremerkte midlar til skulehelsetenesta i statsbudsjettet for 2018. I budsjettforslaget gir Høgre og Frp 200 millionar kroner meir til kommunane for å styrka førebyggjande tiltak for ungdom som skulehelsetenesta og helsestasjonane.

Men sidan dette ikkje er øyremerkt, kan kommunane i praksis bruka pengane på andre ting.

– Pengane går til asfalt og vedlikehaldsarbeid framfor ungdomars helse. No må det takast skikkeleg grep, seier Øystein Kolstad Kvalø, leiar i Press – Redd barna ungdom.

– Øyremerk pengane

Press og Elevorganisasjonen krev begge at pengane som er tenkt til skulehelsetenesta blir øyremerkte, slik at ein sikrar at pengane går til helsehjelp og førebygging for unge.

Press-leiar Kvalø peikar på at då kommunane fekk 200 millionar meir til skulehelsetenesta i 2014, var det rekna med at dette ville gi mellom 300 og 350 nye årsverk. I praksis blei det den gongen berre 112 nye stillingar, og 70 prosent av midlane blei gitt til andre føremål, som eldreomsorg og nedbetaling av lån i kommunane.

– Me har sett at det over lang tid ikkje har funka å auke potten på statsbudsjettet. No må både Stortinget og Regjeringa lære av feila sine og prøve ut ei øyremerking. Sånn eg ser det har vi ikkje noko anna val om vi vil styrke det viktigaste helsetilbodet ungdom har, seier Press-leiaren, som minner om at stadig fleire barn og unge rapporterer om psykiske helseplager i kvardagen.

Liten auke

I tillegg til pengane som går til kommunane, er det også ein eigen pott på statsbudsjettet som er øyremerkt til skulehelsetenesta. Denne potten blei kjempa inn i budsjettet for 2016 av samarbeidspartia Venstre og KrF, og auka frå 100 til 250 millionar i 2017.

Regjeringa føreslår no ein liten auke på 2,5 millionar kroner til neste år i den øyremerkte potten.

– Regjeringa har også i år auka potten til skulehelsetenesta, men det er absolutt ikkje nok. Ein må tørra å byggja på fjorårets auke på 150 millioner, og øyremerka han, seier EO-leiar Rahman Chaudhry, som fryktar at den tidlegare auken skal bli ei kvilepute for regjeringa.