1000 vgs-elevar deler på éi helsesøster

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er overhovudet ikkje bra nok. Ein risikerer at elevar ikkje klarar å fullføra opplæringa og droppar ut av skulen. Ein kan ikkje kontrollere når ein er sjuk og treng helsesøster, men slik det er i dag må elevane det, seier leiar i Elevorganisasjonen, Sylvia Lind.

For fyrste gong har Helsedirektoratet kartlagt kvar dei tilsette i helsestasjon og skulehelsetenestene jobbar.

Kartlegginga viser at nesten halvparten – 45 prosent  –  av årsverka går til born i alderen 0-5 år.

LES OGSÅ: Ingen fylke har nok helsesøstrer

Treng dobbelt så mange i barneskulen
Leiaren i Elevorganisasjonen seier dei har full forståing for at det er behov for mange at årsverk går til dei aller yngste.

– Men me skulle ønskje regjeringa auka løyvingane slik at det vert ei stødigare og meir stabil helsesøsterdekning både i barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.  Det er ikkje rett å sette det opp mot kvarandre, seier Lind.

Ingen fylke har i dag nok helsesøstrer i barneskulen. I 2010 anbefalte Helsedirektoratet at det er 3,5 helsesøsterårsverk per 1 000 elevar i barneskulen. For å innfri denne normen må talet på helsesøstrer i barneskulen doblast.

I dag er det berre 8.-10.klasse som oppfyller normen som direktoratet har sett til helsesøsterdekning.

På vidaregåande skule bør det ifølgje direktoratet vere 1,3 årsverk per 100 elevar, men i dag må 1000 elevar i snitt dela på 1,1 helsesøster.

SJEKK SJØLV: Korleis er det å vera ung i din kommune?

Vil ha ein halv milliard
Tala stemmer godt med tilbakemeldingane Elevorganisasjonen får frå eigne medlemmer. Dei fortel at helsesøster ikkje er tilstade og tilgjengeleg kvar dag.

– Det er ikkje rart at me har ein av dei høgaste fråfallsstatistikkane, påpeikar Lind.

Ho meiner det er bruk for ei generell styrking av skulehelsetenesta og etterlyser fleire øyremerkte midlar til formålet.

I 2016 sette regjeringa av 300 millionar ekstra til skulehelsetenesta og helsestasjon. Samarbeidspartiet KrF sikra den gong at 100 millionar vart øyremerkte.

I forslaget til statsbudsjett for 2017 har regjeringa vidareført desse pengane og lagt på nye 50 millionar i frie midlar til kommunane.

Elevorganisasjonen meiner det er behov for 150 millionar i tillegg til dette og at pengane må vere øyremerkte.

Det same meiner Unge Funksjonshemmede.

– Dette er ikke nok til å dekke det enorme underskuddet på helsesøstre. Dersom dette er regjeringas innsats for å styrke skulehelsetenesta er det hårreisande dårleg. Tidlegare erfaring viser heilt klart at frie midlar ikkje fører til den auka i talet på helsesøstrer som har vore intensjonen, sa styreleiar Camilla Lyngen i ei pressemelding denne veka.

LES OGSÅ: – Hårreisande lite til helsesøstrer

Faktaboks

Fakta:

Det er 4 182 årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta
60 % av desse er helsesøstrer
Resten er jordmødrer (9,3 %), lege, fysioterapeut, spesialist i psykisk helse, leiing og anna hjelpepersonell.
Rapporten baserer seg på tal som kommunane sjølv har rapportert inn til fylkesmenna
Berre 2,7 prosent av årsverka går til helsestasjon for ungdom (HFU).

Kjelde: Helsedirektoratet