Fire av ti kommunar har ikkje fått fleire helsesøstrer

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For ungdommane det gjeld, er dette enormt viktig. Mange stader i landet finst det knapt eit tilbod, andre plassar må 1.500-2.000 elevar dela på ei helsesøster, seier helsepolitisk talsperson i Ap Torgeir Micaelsen til NTB.

Før valet ber han dei andre partia lova ein opptrappingsplan for skulehelsetenesta. Øyremerkte tilskot og ei eiga bemanningsnorm for talet på helsesøstrer står sentralt.

Stod stille

Bakgrunnen for oppmodinga frå Ap, som også blei framført før valet for to år sidan, er tal som Statistisk sentralbyrå leverte sist veke.

Rett nok auka talet på årsverk innan helsestasjonar og skulehelseteneste med 9 prosent frå 2015 til 2016. I fjor blei det brukt meir enn 3,5 milliardar kroner på tenestene. Det er opp 11 prosent frå året før. Men ein gjennomgang av tala viser at 40 prosent av kommunane – særleg dei mindre – hadde ein nedgang eller inga endring i talet å årsverk.

– Det har skjedd mykje bra i perioden, ikkje minst takka vera gjennomslaga til støttepartia KrF og Venstre i budsjettforhandlingane. Men tala viser at satsing utan øyremerking ikkje er effektivt nok viss vi skal syta for at kvaliteten blir betre i alle kommunane i landet, seier Micaelsen.

– Berre kritikk

Helseminister Bent Høie (H) synest kritikken frå Ap er urimeleg. Foto: Kjetil Ree / Flickr / CC BY-SA

Helseminister Bent Høie (H) synest kritikken frå Arbeidarpartiet er urimeleg.

– I 2013, det siste året til den raudgrøne regjeringa, var det ein nedgang på ni årsverk samla sett. I perioden vår har det blitt 648 fleire årsverk i skulehelsetenesta og helsestasjonane. Vi har styrkt denne innsatsen med over 1 milliard kroner, av dei har 251 millionar kroner kome som øyremerkte tilskot.

– Dette føyer seg inn i rekkja av saker der Ap er meir oppteken av å fremja kritikk enn å sjå på resultata, seier Høie.

At det i 40 prosent av kommunane ikkje har blitt fleire årsverk, forklarer helseministeren med at dekninga i utgangspunktet er betre i mindre kommunar.

– Det er gjerne færre elevar per helsesøster der enn i større kommunar. Meir øyremerking vil difor straffa kommunar som allereie gjer det bra, meiner Høie.

Digitalisering

Også når det gjeld måten ungdommane møtest på, meiner Arbeidarpartiet regjeringa har levert for dårleg. Helsesøstrene må oppmodast til å bruka digitale plattformer som Snapchat og Facebook, krev Micaelsen.

– Arbeidarpartiet følgjer ikkje med, svarar helseministeren og viser til at det frå nyttår blei lansert ei digital helseteneste under nettsida ung.no.

– Her kan ungdommar stilla spørsmål om kva det skal vera, og få hjelp av kvalifiserte fagfolk, seier Høie.

Aps Torgeir Micaelsen er ikkje imponert.

– Det er vel og bra med ei netteneste, men det er ikkje nok. Helsetenesta må bli flinkare til å ta i bruk nye kanalar som ungdommane brukar heile tida, seier han.