Øyremerker 100 millionar til fleire helsesøstrer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF: – Historisk øyremerking

I budsjettforliket mellom dei fire ikkje-sosialistiske parti var det semje om å løyva 300 millionar kroner til stillingar i skulehelsetenesta og helsestasjonane neste år.

No er 100 millionar av desse øyremerkte.

Det er klart etter at Stortingets helse- og omsorgskomité behandla helsebudsjettet måndag. I tillegg blir det løyvd 200 millionar kroner over det generelle tilskotet til kommunane.

– KrF sikrar øyremerkte midlar til skulehelsetenesta og helsestasjonane. Skulehelsetenesta er ikkje eit lågterskeltilbod når det er høg terskel for å få hjelp og tilbodet er stengt store delar av veka, seier KrFs helsepolitiske talskvinne Olaug Bollestad.

Både Elevorganisasjonen, helsesøstrene sjølv og Unge funksjonshemmede har tatt til orde for at alle dei 300 millionane skulle bli øyremerkte, men det gjekk altså ikkje denne gongen.

Det er første gong på over ti år at det blir øyremerka midlar til skulehelsetenesta og helsestasjonane. Det betyr at kommunane ikkje kan bruka pengane til noko anna enn løn til helsesøstrer.

LES OGSÅ: Ingen fylke har nok helsesøstrer